Aktuelt
Ein annleis Septemberkonferanse
- 18/09/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Vold Vold, seksuelle overgrep
230 personar var påmeldt Septemberkonferansen 2014 som nyleg gjekk av stabelen i Bergen. I år hadde vi fokus på den som krenkar.
Det er første gongen vi har fokus på krenkaren.
– Eg har sett fram til å ha dette temaet på Septemberkonferansen heilt sidan eg starta ved RVTS Vest, sa senterleiar Espen Rutle Johansson på opninga. – Og eg er glad at det er mange med meg som synast at dette er eit viktig tema.
Amerikanske Kevin Creeden var hovudførelesar første dagen. Han førelas om sitt arbeid med ungdommar som har seksuelle atferdsproblem.
– Noko av det eg hadde sansen for med deg, var at det virka som du verkeleg likte ungdommane du jobba med. Det var og difor vi tok steget å invitere deg, sa Espen då han presenterte Kevin Creeden.
Creeden sin faglege tyngde kombinert med eit brennande engasjement og sympatiske veremåte, gjorde førelesingane hans spennande og lærerike. – Kids have to think that you care before they care what you think, var essensen i mykje av det han formidla.
I fars vold
Yngve Hammerlin gjorde eit sterkt inntrykk på deltakarane andre dagen av Septemberkonferansen. Han hadde ei førelesning som var prega av ei ærlegheit om sin oppvekst med ein svært valdeleg far.
– Ikkje berre er det ei tapsliste heime når ein lever med vald i familien. Det er ei tapsliste i nabolaget, på skulen og på dei fleste arenaer. De må forstå korleis det er for barn å vekse opp i ein slik familie.
Hammerlin sine beskrivingar av korleis ein som barn kan oppleve det å leve under eit valdeleg regime, var levande og gjorde eit uutsletteleg inntrykk på mange. Etter førelesinga fekk han ståande applaus frå salen.
Vendepunkt
Også Tonna Brix hadde ein svært ærleg og kraftfull formidling då dei framførte «Vendepunkt», som er ein kampanje mot vald i heimen.
Tonna Brix er ein rapduo som består av Hakan Pandul og Kenneth Holt. Dei reiser rundt i landet og framfører denne kampanjen for elevar i skulen. Denne dagen fekk og septemberkonferanse-publikummet vere med på dette. Dei to rapparane delte sine opplevingar om å leve med krenkaren, i deira tilfelle far og stefar, på ein ærleg og rett-fram måte.
Krenkande barn i skulen
Espen Rutle Johansson delte ei rettleiingstilnærming til arbeid med barn som har ein krenkande atferd i skulen.
– Det går an å jobbe med krenkande barn i ein skulesetting, berre lærarane får gode verktøy og ein tek omsyn til at lærarane og kan vere skremte og usikre.
Straff og forsoning
Knut Storberget avslutta Septemberkonferansen med førelesinga Straff og forsoning.
– Som justisminister utmerka du deg ved å ha både innsikt og engasjement for dei valdsutsette, samt for valdsutøvaren, sa Inge Nordhaug då han introduserte Storberget.
Storberget tok utgangspunkt i boka si Det er dine øyne jeg ser, der han mellom anna har intervjua kjende personar om deira forhold til forsoning. Er det i det heile teke mogeleg med forsoning mellom valdsutøvar og valdsutsatt?
Dette vart ein fin avslutning på årets Septemberkonferanse.
Tre i pausen
Vi spurte denne gjengen frå Stiftelsen Sveio Bufellesskap om deira oppleving av konferansen.
– Kevin Creeden si førelesning gav ei god gjennomgang av kvifor atferden til desse ungdommane er slik, og det er viktig å ha med seg ei forståing av dette.
– På ein anna side, det å høyre personar som har erfaring frå å leve med krenkaren, som Yngve Hammerlin og Tonna Brix, treff på ein heilt spesiell måte. Vi er heilt sikre på at vi kjem til å hugse denne Septemberkonferansen spesielt godt. Det rører å høyre desse historiane. Når dei tåler å stå fram med historiane sine, så må vi tåle å høyre dei.
– Vi har ein krevjande jobb, men det gir motivasjon til å jobbe vidare med mennesker som har liknande historiar når ein ser at det er håp. Det er godt å sjå at det hjelp!
Presentasjonar frå konferansen vil bli lagt ut her: www.septemberkonferansen.wordpress.com
[Best_Wordpress_Gallery id=”1″ gal_title=”Septemberkonferansen 2014″]