Aktuelt
«Eg gler meg til påskeferien er over»
- 23/03/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Barn Flyktninghelse Integrering Kultursensitiv Psykisk helse Skole Traume Utenforskap
Foto: cottonbro / Pexels
Ein 11-åring som ikkje gler seg til 10 dagar med skulefri?
Tekst: Beate Gauden, spesialkonsulent RVTS Vest
Amir og familien er glade i kvarandre. Far er lærling og mor er elev ved Vaksenopplæringa, men ho er sjukmeld no. Amir veit så inderleg vel at lite skjer når det er skulefri. Det er ikkje vald eller omsorgssvikt i familien, likevel kjens ferien altfor lang. Dei har ikkje bil, alpinski, påske-tradisjonar eller besteforeldre. For Amir og veslesystrene flyt dagane over i kvarandre. Det vert mykje svart skinnsofa og TV medan far er på arbeid. Amir syklar litt i nabolaget i von om å treffa skulekameratar. Han kikar ut av vindauga og drøymer om leik og vener.
På jobb og skule legg kollegaer merke til at norskspråkutviklinga går litt seint hos mor og far. Sanninga er at dei ikkje får snakka norsk på fritida. Dei saknar norske vener. Dei ynskjer å snakka norsk. Dei lengtar etter å vera saman med innbyggjarane der dei bur. Dei skulle så gjerne engasjert seg i nærmiljø-arbeid. Dei skulle så gjerne visst kva nordmenn gjer når det er påske.
Amir og familien vert omtala som ein flyktningefamilie. Foreldra har flykta og kjenner på sår etter traumebelastningar i heimlandet, men dei kjenner seg trygge no. Dei har leilighet, arbeid, skule og barnehage. Dei kjenner seg heldige. Likevel kjenner dei seg utanfor og einsame.
Flyktningar er først og fremst menneske. Flyktningar har dei same behova for fellesskap og tilhøyre som alle har. Dei har så inderleg lyst til å ha nokon å hjelpa. Nokon å samtala med på leikeplassen. Nokon å eta vafler saman med i parken. Nokon å invitera heim, nokon å le saman med.
Då hadde kanskje Amir også gledd seg til påskeferien.
Relevant:
Flyktning.net – ressursportal om asylsøkjarar og flyktningar