Aktuelt
E-læringskurs i sjølvmordsrisikovurdering
- 04/03/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking E-læring Sjølvmord Sjølvmordsførebygging Verktøykassen
Ein svært høg andel av dei som tek sitt eige liv har vore i kontakt med fastlegen eller andre i primærhelsetenesta i tida før sjølvmordet, men utan at sjølvmordsrisikoen vart fanga opp.
Nasjonalt senter for selvmordsforskning og –forebygging har laga eit nytt e-læringskurs for å hjelpe legar og psykologar i primærhelsetenesta til å styrke si kompetanse på å fange opp pasientar som viser teikn på auka sjølvmordsrisiko og setje i verk behandlingstiltak.
Kurset er spesialtilpassa legar og psykologar i primærhelsetenesta, men også andre faggrupper kan ha nytte av å bruke det. Dette er første gang eit slikt opplæringsprogram vert tilbudt helsepersonell i Noreg.
Her finner du e-læringskurset:
www.selvmordsrisikovurdering.no
Kurset bygger på moderne og kunnskapsbaserte metodar for systematisk vurdering av sjølvmordsrisiko og søker å avlive myter og korrigere forestillingar som er til hinder for effektivt klinisk arbeid. Fastlegar og psykologar får konkrete råd om kva som er gode tilnærmingar og verktøy som kan brukast i å iverksetje gode akuttintervensjonar og styrke pasientsikkerheita.
Kurset er laga på oppdrag frå Helsedirektoratet