Aktuelt
– Det skjer ei alvorleg forsømming av denne utsette gruppa, og dei får ikkje på langt nær den omsorgen og hjelpa dei treng
- 09/02/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn Førebygging omsorgssvikt Psykisk helse Seksuelle overgrep Utviklingstraumer

På bildet: Psykologstudentane Silje Segadal Fluge (t.v) og Trine Skeistrand Kjoberg er i praksis hos RVTS Vest denne våren, og dei skriv hovudoppgåve om menn som har vore utsett for seksuelle overgrep.
I dag publiserte Ressurssenter for menn (Reform) ein rapport som syner at éin av ti menn har blitt utsett for seksuelle overgrep.
Psykologstudentane som er i praksis ved RVTS Vest denne våren skriv hovudoppgåve om nettopp dette. I oppgåva undersøker dei korleis samfunnet sine haldningar og syn på mannsrolla fører med seg mykje skam for overgrepsutsette menn og ofte hindrar dei i å søkje hjelp når dei blir utsett for seksuelle overgrep.
– Å bli utsett for eit seksuelt overgrep er ein enorm belastning. For mange gutar og menn er barriera stor for å avsløre overgrep når det pågår; samanlikna med kvinner søkjer dei sjeldnare hjelp seinere i livet. I eit samfunn der mannen skal vere maskulin, sterk og dominant blir det å vere eit offer for seksuelle overgrep ein motsetning til dette idealet, og difor ødeleggande for individet sin kjønnsidentitet og sjølvbilde.
– Vidare eksisterer det ei rekkje myter, som til dømes at det ikkje er vanleg at gutar og menn vert utsett for overgrep og at det ikkje har like alvorlege konsekvensar som når ei jente eller kvinne opplever det. Dette kan gjere ein uhaldbar situasjon verre enn naudsynt. Det skjer ei alvorleg forsømming av denne utsette gruppa, og dei får ikkje på langt nær den omsorgen og hjelpa dei treng. Dette fordi seksuelt misbruk av gutar og menn er eit tema som er tabubelagt. Menn er av ulike grunnar tilbakehaldne med å definere seksuelle hendingar som overgrep, og fortel sjeldnare om hendinga til andre.
– Som rapporten syner, er det behov for meir kunnskap og forskning på dette området for å bryte ned mytene og tabuene rundt seksuelle overgrep mot gutter og menn, avsluttar Silje og Trine.
Relatert
Rapport: Hver tiende mann utsatt for seksuelle overgrep (NRK Nyheter)