Aktuelt
– Det at ein ikkje maktar å sjå, er kanskje den største utfordringa
- 04/04/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Seksuelle overgrep Vold
Dette seier Kari Alvær frå Barnevernvakten, på fagdag for tannhelsetenesta.

Nokon som maktar å sjå, er Ingrid Brattabø Vaksdal, forskar og tannpleiar og ein av initiativtakarane til at «Kompetansenettverk Vest – tannhelse, omsorgssvikt og overgrep mot barn»* vart oppretta. No er det fagdag for tannhelsetenesta, og fokus er helsepersonell og meldeplikt til barnevernet.
Ingrid Brattabø Vaksdal startar dagen med å vise filmen Sara, produsert av Bufdir. Sara er eit slikt barn ein møter på, også i tannpleiestolen – eller kanskje særleg i tannpleiestolen. Dei aller fleste barn må til tannlegen, difor har tannpleiarane ein unik moglegheit til å fange opp barn utsett for omsorgssvikt og overgrep. Sjå filmen om Sara.
Kva med dei som ikkje møter opp?
Vaksdal føreles om meldeplikta og kva som kan vere indikasjonar på fysisk barnemishandling og seksuelt misbruk. Vidare går ho gjennom rutinane tannhelsetenesta i Hordaland har utarbeidd for sending av bekymringsmeldingar til barnevernet. Både når det gjeld mistanke om omsorgssvikt og når pasientar ikkje møter til avtala time. – Vi skal gjere alt som står i vår makt for å få tak i barna som gjentekne gonger ikkje møter opp til dei faste tannlegeinnkallingane, seier ho.

Viktig ressursperson
Anne Fjæra Skåtøy, er ressursperson barnevern i den offentlege tannhelsetenesta Hordaland. Hennar oppgåve er å vere ei støtte for tilsette i tannhelsetenesta dersom dei er bekymra for eit barn. På denne fagdagen føreles ho om hennar rolle og korleis ein med enkle metodar kan snakke med barn ein er bekymra for. – Dette er noko eg brenn for, eg har aldri opplevd å avvise nokon som kjem til meg med ei bekymring. Det at tannhelsepersonell i det heile tek den telefonen til meg, viser at dei har ei reell bekymring, seier ho.
Viktigheita av at nokon ser og tør
Kari Alvær frå Barnevernvakten, har møtt barn som har levd med omsorgssvikt i ei årrekkje utan at det har blitt gjort noko med. – Eg har spurt barn om ikkje nokon har oppdaga dette før, og fått til svar at det er ingen som har spurt dei, seier Alvær. Vidare seier ho; – Eg trur at dei aller fleste kjenner til meldeplikta, eg trur ikkje det er her problemet ligg. Det at ein ikkje maktar å sjå, er kanskje den største utfordringa, trur eg. Vi er redde for våre eigne kjensler når barnet fortel. Aukar innsatsen, aukar og meldingane. Det er eigentleg veldig bra, de er så viktige! Seier Kari Alvær om dei tilsette i tannhelsetenesta.
Den viktige samtalen
– Av og til seier barn ting som gjer at vi blir heilt satt ut, seier Reidun Dybsland frå RVTS Vest. – Vi vaksne kan vegre oss for å ta denne samtalen, då vi er redde for kva som kan komme. Men eit barn treng å bli lytta til, at det dei seier blir gjort gyldig. Kanskje har dette barnet valt nettopp deg å opne seg for. Då er det viktig å komme barnet i møte. Hugs at di oppgåve er å oppdage og tilrettelegge for at barnet kan fortelje, ikkje avhøyre og behandle, avsluttar Reidun Dybsland.
Eitt skritt vidare
Etter endt fagdag får hovudførelesarane Kari Alvær og Reidun Dybsland kvar sin nøkkelhank med eit hjarte på. – Kvar gong de nyttar denne nøkkelhanken, kan de tenkje på tannhelsetenesta og alle dei barna vi no betre kan oppdage og hjelpe, avsluttar Ingrid Brattabø Vaksdal.
Relevante lenker:
*Her kan du lese om Kompetansenettverk Vest – tannhelse, omsorgssvikt og overgrep mot barn (PDF-fil)
Les også «Pris for prosjekt om avdekking av overgrep mot barn»
Sjå filmen «Det er aldri for sent å hjelpe noen på rett vei» (Forserhjemskampanje)