Aktuelt
Dei viktige barnegruppene
- 14/06/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn barnesamtalen Førebygging omsorgssvikt Psykisk helse Seksuelle overgrep
I artikkelen “Mamma, mamma, han har gjort det med meg også” set Bergens Tidende fokus på seksuelle overgrep.
Vi møter “Vilde” og foreldra. Vilde har i fleire år båre på ein hemmelegheit; ho vart utsett for seksuelle overgrep av faren sin beste venn frå ho var 7-10 år.
Vi kan lese om ei jente som får problem med utagering og som droppar ut av skulen. Foreldra forstår ikkje hennar reaksjonar, då dei ikkje veit kva ho har opplevd. Konfliktnivået mellom Vilde og foreldra er høgt.
Kort fortald kjem Vilde omsider i kontakt med SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep) i Hordaland og får tilbod om å delta i ei barnegruppe for barn som har blitt utsett for seksuelle overgrep. Parallellt får også foreldra oppfølging i ei eiga foreldregruppe.
– Det spesielle med desse gruppene, er at både barn og foresatte vert fulgt opp i parallelle løp, seier Inge Nordhaug, klinisk sosionom og spesialkonsulent ved RVTS Vest.
– Det denne artikkelen så godt skildrar, er at den som gjer overgrep skadar heile miljøet kring barnet. Barna tør ikkje sei det til sine foresatte fordi dei foresatte ikkje ser kva som skjer, som faren seier i artikkelen “rett foran nesen på dem”. Dei er låst i sin forestilling av ein person.
– Å inkludere foresatte i behandlinga ser ut til å ha positiv effekt for resultatet.
RVTS Vest er ein av samarbeidspartnarane i prosjektet, og Dag Nordanger driv saman med Hanne Braarud frå RKBU vest eit forskningssamarbeid med SMISO der dei ser på korleis gruppebehandlinga verkar inn på barna.
Foreldra til Vilde såg videoen der Dag Nordanger forklarar toleransevinduet på ein lettfatteleg måte, og fekk dermed ei større forståing av dotra sine reaksjonar.
Les Mamma, mamma, han har gjort det med meg også (ABO)