30. mai set vi fokus på tematikk som ikkje vert omtalt så ofte
Kvifor arrangerer vi denne konferansen?
– Eldre som blir utsett for vald og sliter med sjølvmordsproblematikk har vore lite i fokus både hos helsevesenet og på den politiske arena. Dette ynskjer RVTS Vest å gjere noko med. Denne gratiskonferansen er ein innleiar til eit meir aktivt arbeid med eldre, sjølvmord og vald. Målet er å auke kunnskapen hos dei som jobbar med og for eldre.
Vi oppmodar dei som kan til å delta på konferansen, som er ein unik mogelegheit til å få oppdatert kunnskap om tematikken! seier Annie Norevik.
For meir informasjon og påmelding, sjå Dagskonferanse: Eldre, sjølvmord og vald