Aktuelt
Dagskonferanse: Eldre, sjølvmord og vald
- 24/01/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Kurs/konferanse Sjølvmordsførebygging Vold
Tal frå Folkehelseinstituttet syner at eldre og sjølvmord er eit stort problem. Sjølvmordsstatistikken viser at eldre menn er overrepresentert. Vald mot eldre er eit vanskeleg tema og skjer langt oftare enn vi trur. Begge temaområda er omgjeve av tabu og mørketall. Vi ynskjer med denne dagskonferansen å skape større openheit kring sjølvmord og vald mot eldre.
Ildri Kjølseth har forska på eldre og sjølvmord. Venke A. Johansen har vore oppteken av vald mot eldre i fleire år, og har forska på vald i det offentlige rom. Vald og sjølvmord hos eldre er tema som fortener å komme fram i lyset. Vil du bidra til å bygge ned tabua? Her er ein gylden mogelegheit til det.

Ildri Kjølseth er spesialrådgjevar ved RVTS Øst og Cand.med., spesialist i geriatri. Ho var tilsett som overlege ved geriatrisk avd. Ullevål Sykehus inntil 2005. Ho har arbeidd fleire år med sjølvmordsproblematikk hos eldre. Hausten 2010 avslutta ho doktorgradsarbeidet sitt; PhD: Control in life – and in death. An understanding of suicide among the elderly.
[divider]
Venke A. Johansen er dr. polit og intensivsjukepleiar. Doktoravhandlinga hennar fokuserar på psykiske reaksjonar og konsekvensar for livskvalitet både på kort og lang sikt etter å ha vore utsett for vald ( ikkje familievald / tilfeldig vald). Ho har publisert fleire artiklar om temaet psykiske reaksjonar etter å ha vore utsett for vald. Venke har vore leiar i ulike posisjonar innan helsevesenet, prosjektleiar ved fleire utviklings- og endringsprosjekt innan helsevesenet, og har erfaring med undervisning og veileiing innan høgskole og universitet. Som intensivsjukepleier har ho generell erfaring frå å arbeide både med born og vaksne som har vore utsett for traumer.
Stad: Kommer!
Tid: 30. mai 2013 Sett av datoen!
Bergens Tidende har nyleg skreve nokre artiklar om temaet eldre og sjølvmord. Du kan laste ned PDF-utgåvene under:
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kunne kommentere.
Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.