Aktuelt
Dag Nordanger gjer fagstoff til kvardagskost
- 07/09/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Barn CACTUS omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Tidlig innsats Traume Traumebevisst Traumebevisst omsorg Utviklingstraumer
Tekst: Samarbeid mellom RVTS Vest og RVTS Sør. Foto: Sylvia Haukanes
– Hvis kunnskap forblir inne på eit kontor, og kun forblir spesialisert kunnskap, kva blir konsekvensen for alle dei som dagleg er saman med barn? Kva med dei som må ta krevande val for barn som har det vanskeleg?
– Vi er avhengig av at dei som står i det, dei som er saman med barn kvar dag, har best mogeleg verktøy for å vere gode medmenneske og fremje utvikling. Det er der endring skjer, fortel professor i psykologi og psykologspesialist ved RVTS Vest, Dag Nordanger.
5. september vart Nordanger tildelt Psykologforeningens Åse Gruda Skard-pris for folkeleg formidling. Prisen vert utdelt årleg av Norsk psykologforening, og er ei anerkjenning til ein eller fleire psykologar som bidreg til å gjere psykologisk kunnskap tilgjengeleg og til nytte for folk flest.
I juryens grunngjeving står det:
Mange mennesker som har slitt med konsekvensene av en vond oppvekst inn i voksen alder, har vært takknemlige for at Nordanger gjennom sin formidling har hjulpet dem til å forstå seg selv. Foreldre til barn som sliter, har på sin side fått viktig hjelp i sin omsorgsrolle.
Psykologforeningens jury, Åse Gruda Skard-prisen
Prisen vert tildelt arbeid som nyttar nye måtar og verkemidlar for å spre psykologisk kunnskap og innsikt. Den skal oppmuntre og inspirere psykologar til å nå ut til alle grupper i folket. Mange har nok fått med seg Nordanger sine mange kreative filmar, som set ord på det mest komplekse i mennesket, ofte iført ei drakt som får oss til å stoppe opp og forstå ting på ein ny måte.
– Eg vil berømme Psykologforeningen for å ha ein slik pris, eg synast det er ein av dei viktigaste prisane som finnast. Det er jo ikkje vi psykologar – som yrkesgruppe – som fremjer god utvikling hos barn. Det er ikkje vi som løftar folkehelsa i ein befolkning. Dei som gjer det er dei som er med barna våre, kvar dag. Det er foreldre, det er fosterforeldre, det er dei i barnehagen, dei i skulen. Det er arbeidsgjevarar, vener og – ikkje minst – familie. Det er dei som har størst betydning for vår utvikling og psykiske helse.
Dersom kunnskapen som psykologar har vert for eksklusiv blir den veldig lite verdt, meiner Nordanger.
– Den må ut til de som treng det, fortel han.
Det er forferdelig bortkasta dersom det skal finnast vital kunnskap om barns utvikling som ikkje når fram til dei som er saman med barn dagleg. Eller som aldri vert systematisk formidla. Det er jo i så fall forferdelig! Den kunnskapen er akutt, og den trengs kvar dag der ute. Dette gjeld for foreldre også.
Dag Nordanger
Ønsker å bygge bruer
Dag Øystein Nordanger er psykologspesialist ved RVTS Vest (kor han tidligare var leiar) og Professor II ved OsloMet. Han har som forskar og formidlar vore sentral for fagutviklinga i Noreg når det gjeld forståinga av traumatiserte barn sine behov, blant anna gjennom boka «Utviklingstraumer», ei rekkje anerkjende fagartiklar og hans mange populære YouTube-videoar.
Nordanger si forskning og formidling handlar om korleis omsorgserfaringar – på godt og vondt – pregar barn si hjerneutvikling og fungering. På dette området har han blitt prisbelønna for si formidling og er blant landets mest etterspurte foredragshaldarar.
Nordanger er også grunnleggar og koordinator av CACTUS, eit nasjonalt nettverk for fagutvikling rundt utviklingstraume. I tillegg har han hatt ei rekkje nasjonale tillitsverv på feltet, blant anna som nestleiar i regjeringa sitt Barnevoldsutvalg.
Nordanger har sjølv kjent på kroppen dei kreftene som kan vere innan forskninga, som kan føre til at viktige funn kan virke framand for den helsesjukepleiaren eller fosterfaren som står i vanskelege dilemmaer og avveiningar kvar dag.
– Det blir fort til at vi forskarar orienterer oss mot redaktørar og lesarar av internasjonale tidsskrift, at det er det som blir meritterande og der vi søker anerkjenning. Det er også finansieringsordningar i forskningssektoren som bidreg til at det er dette som vert belønna. Slik må det kanskje vere, men derfor er ein slik pris på folkeleg formidling ekstremt viktig. Prisen belønner og set fokus på at forskningskunnskap, psykologisk kunnskap og fagutvikling som skjer innanfor faget kjem til dei som faktisk skal bruke den, seier han.
– Dette har du i tankane når du skal ut og formidle?
– Det vil eg seie. Men som RVTS’ar er eg jo tverrfagleg orientert. Det finnast spesialkunnskap for ulike yrkesgrupper, men det finnast også mykje kunnskap om nevrobiologi, traumer og utvikling som er uavhengig av profesjonar. Dette er ein slags basis, uavhengig av kor du jobbar. Det er den typen kunnskap eg har hatt mest fokus på dei seinare åra, fortel han.
Nordanger sitt store ønske er å bygge bruer mellom forskningsfeltet og praksisfeltet.
Vi treng forskninga, og vi treng den spisskompetansen og den utviklinga som skjer der. Men vi må i tillegg ha den brua mellom forskning og praksis.
Dag Nordanger
– Har du fått kritikk for å vere for «folkeleg» i måten du kommuniserar på?
– Ja, det har eg. Eg har fått høyre at det blir for «enkelt» av nokon. Men det verkar som om det har blitt meir akseptert å formidle meir popularisert også.
Nokon har gått foran, fortel Nordanger, som har synleggjort betydninga av å formidle på ein meir folkeleg måte.
– Då tenker eg på pionerar som Åse Gruda Skard og Magne Raundalen. Skard vert rekna som den første «mediapsykologen» i Noreg, ho var ei pionerkvinne. Saman med Raundalen gjekk dei foran når det gjeld folkeleg formidling på 70-talet. Det som er litt artig er at det var Magne Raundalen som ga meg mine aller første foredragsoppdrag, og han sit fortsatt i juryen for denne prisen eg no har motteke. Han har vore ein stor inspirasjon.
– På traumefeltet i Noreg så har RVTS‘ane – og spesielt RVTS Sør som ein av de første til å satse tungt på formidling – hatt ein veldig stor betydning. Og på grunn av at nokon er synlege og når breiddt ut, opplever eg at fleire forskningsmiljø har blitt meir bevisste på formidlingsbiten, seier han.
– Kvifor er det viktig at RVTS’ane har gått foran, at dei har turt å satse på «folkeleg formidling»?
– Dei er veldig nær praksisfeltet. RVTS har høg kompetanse og er miljø som er satsa på nasjonalt. Vi har ein sterk legitimering i tenesteapparatstrukturen, og då kan vi vere ein inspirasjon for andre miljø.
Det er ikkje alltid “bare-bare”
Det er ikkje alltid like bra for sjølvtilliten å vere formidlar, fortel Nordanger og tenker på ein gong det ikke gjekk heilt som planlagt.
– Eg brukar ofte å forklare barns ibuande kraft til å utvide sitt eige toleransevindu med ein sjølvopplevd historie om ein liten gut som først var engsteleg for meg, men så nærma seg meg gradvis.
– I en pause ein gong eg hadde brukt dette eksemplet, kom det ein ung barnevernspedagog fram til meg. Ho ville berre gjere meg oppmerksam på at det kunne vere ein annan grunn enn eg trudde til at guten var engsteleg for meg. Ho sa:
Det kan henge saman med at du liknar på Voldemort.
Barnevernspedagog, til Dag Nordanger
– Ho sa dette til meg i fullt alvor og med omtanke, som ein viktig saksopplysning, så min einaste moglege respons var berre å takke henne for at ho hjalp meg til å få ein utvida forståing av situasjonen, fortel Nordanger med eit smil.
AHA! Er det sånn det heng saman!
Nordanger fortel at han også har ei personleg glede av formidling.
– Eg hugsar godt frå då eg var student og dei første åra eg jobba. Eg gjekk rundt og følte sterkt på visse ting eg burde forstå betre enn eg gjorde. Den følelsen av at «dette forstår alle, men berre ikkje eg». Det er liksom at man skammar seg litt i skjul over å ikkje forstå noko som åpenbart er viktig, og kor man berre latar som at man er med. Det vil eg tru fleire enn eg kan kjenne på.
Den gleden ein får når nokon klarar å formidle det for deg, så du endeleg skjønar at «JA! Det er sånn det er! Er det DET det handlar om!» Den er fantastisk.
Dag Nordanger
– Nokre forelesarar har gitt meg den opplevinga. Den gleden har eg lyst til å gi vidare!
– Eg kan kjenne eit trykk inni meg for å forklare ting så folk forstår, det er ein veldig sterk drift. Ofte må eg forenkle det for meg sjølv først, så eg kan forstå mitt eiga resonnement. Det hjelper liksom å forstå det sjølv. Då kjem det tydelegare ut, fortel Nordanger engasjert.
Senterleiar ved RVTS Vest, Espen Rutle Johansson, er stolt og synast at det er velfortent at Dag har fått denne prisen.
– Det som først og fremst kjenneteiknar Dag si formidling er denne unike evna til å ta tungt og utilgjengeleg fagstoff, som ofte vert oppfatta som smalt og irrelevant av mange, og gjere det både forståeleg, relevant og nyttig for alle mellommenneskelege situasjonar. Dette har vore uvurderleg for RVTS, og for traumefagets plass i Noreg i dag, seier Espen.
Inge Nordhaug, klinisk sosionom og spesialkonsulent ved RVTS Vest har jobba tett saman med Nordanger i mange år. Han seier:
– Vi som er hans kollegaer ved RVTS Vest er stolte og glade for denne utmerkinga. Han har vore knytt til RVTS Vest sidan oppstarten, først som leiar, og no som kollega, forskar og fagmann. Han er generøs i sitt samarbeid med oss alle og det er spennande å bryte meiningar og drøfte teoriar og utvikle dei i eit kollegialt miljø. Som fagperson og psykolog er han open for erfaringar frå andre faggrupper i vårt tverrfagelege miljø. Og våre felles tema har han vist fram slik at det har nådd ut til andre fagpersonar og fagmiljø.
Rom for kreativitet
Nordanger trur at mykje av grunnen til at han har kunna formidle på denne måten, ligg i at RVTS’ane har klart å skape trygge, leikne miljø der kreativitet – og det å få vere seg sjølv – har fått blomstre.
– Det er noko med liv og lære her. Dersom du skal forløyse formidlingsevne og kreativitet, må det vere rom for å prøve og feile. Det må vere rom for å seie noko som ikkje er heilt presist. Den type vekstgrunnlag for formidling har eg hatt gleden av å vere ein del av i «RVTS-familien». Formidling blir ikkje til ved at nokon er «flinke». Det ligg noko meir bak, fortel han.
– Kreativitet blir ikke til i eit vakuum. Det trengs eit vekstgrunnlag på akkurat same måte for meg, som for alle barn. Vi må oppleve tryggleik og tilhøyrsle til eit trygt miljø for å få forløyst den kreative evna.
– Veldig mykje av det innholdsmessige bodskapen i det eg formidlar handlar om korleis den pre-frontale kapasitet blir kopla på og brukt best mogleg. Ved eit auka stressnivå mistar du mykje av den kapasiteten i frontal-lappen. Vår kreativitet sit veldig høgt i hjernen, i frontal-lappen. Eg var faktisk ikkje klar over at eg var kreativ før jeg var langt inn i førtiåra, innrømmer han.
– Kreativitet, kunnskap og formidlingsevne sit mykje mellom menneske – det er ikkje berre noko du har i deg sjølv. På akkurat same måte for meg, som kva som helst barn, er at eg må vere trygg og ha det bra for å kunne vere kreativ. Med éin gong du har litt auka stressnivå, med ein gong du ikkje kjenner deg heilt trygg, eller når du lurer på om nokon skuler på deg, så forsvinn moglegheiten for kreativitet, seier prisvinnaren som beviser at kreativiteten blomstrar fortsatt ved å lansere ein rykande fersk film i ekte Nordanger-stil:
Ein feminutter lang film for alle som omgås barn. Fimen er laga av: Dag Ø. Nordanger i samarbeid med Anne Kristine Bergem og Anne Grete Sagen. Sjå meir på cactusnettverk.no