Aktuelt
Cactusnettverk.no
- 17/01/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Kunnskapsportal omsorgssvikt Ressurs på nett Utviklingstraumer
Ingen kommentarer
Kunnskapen om komplekse traume/utviklingstraume har utvikla seg svært raskt og har implikasjonar for mange tenester for barn og unge. For å fremje fagutviklinga på dette viktige feltet har mange norske kunnskaps- og kompetansesentre valt å slå sine ressursar saman i eit eige fagleg nettverk – CACTUS.
Forskning visar at utviklingstraume auker risikoen for ein nevrobiologisk skeivutvikling kor kapasiteten og evna til sjølv- og affektregulering er underutvikla eller svekka. Dette kan gje reguleringsvanskar på ei rekkje område, både reint kroppsleg og sansemotorisk, og på funksjonsområde som involverer affekt, atferd og merksemd. Kunnskapen er utfordrande i forhold til nokre av dei system og kategoriar som i dag er med på å organisere våre tenester. Blant anna går vanskane ofte på tvers av diagnostiske kategoriar, slik at barn med ei slik historie oppfyller kriteriane for fleire diagnosar samtidig.
På bakgrunn av kunnskapsstatusen på feltet ser CACTUS eit behov for fagutvikling kring følgjande problemstillingar:
- Dersom vanskane primært handlar om grunnleggjande reguleringsvanskar, kva betyr det for kva som er underliggande mekanismer for endring, og korleis desse best kan verte stimulert?
- Kva implikasjonar har eit utviklingstraumeperspektiv for utreiing og kartlegging? Kva er dei mest representative symptom og funksjonsvanskar i ulike aldre?
- Kva implikasjonar har utviklingstraumeperspektivet for skulen, barnevernet, spesialisthelsetenesta, eller andre barneretta tenester sitt arbeid?