Aktuelt
Barn under radaren
- 13/03/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Barn barnesamtalen Bedre tverrfaglig innsats omsorgssvikt Psykisk helse Traume
Foto: Andrea Piacquadio / Pexels
Svaret på journalisten sitt spørsmål 12.mars 2020 trong inga betenkningstid: «Kva er du mest bekymra for ved nedstenging?». «Dei sårbare barna», svara eg.
Tekst: Beate Gauden, spesialkonsulent RVTS Vest
Eit kunnskapstungt ekkolodd av forsking kring tidleg innsats og betre tverrfagleg samarbeid er nasjonen sitt vertøy for å fanga opp og gje hjelp til barn og unge som lever under bekymringsfulle tilhøve som vald, seksuelle overgrep, fattigdom og omsorgssvikt. Det manglar ikkje på nasjonal vilje eller satsingar. Det manglar heller ikkje på kommunal vilje. Likevel går tusenvis av barn og unge «under radaren» årleg. Dei vert ikkje oppdaga. I alle fall ikkje tidleg.
Barn seier det sjeldan slik det eigentleg er. Dei seier noko, men ikkje alt. Dei har ei hand i håpløysa og ei i håpet. Barn håpar at det går over, og kan leva lenge med store belastningar under radaren av regelverk og sakshandsaming.
System og rutinar vil aldri vera nok for å fanga opp desse barna. Det trengs i tillegg modige sensitive fagpersonar, som ser opp frå paragrafar og finstiller radaren med menneskeleg varme som ein del av profesjonaliteten. Levande fagfolk med antenner for barns uttrykk som vågar å vera der saman med den andre si smerte lenge nok til å finna vegen ut.
Barn treng tilsette i barnehage og skule som stoler på eiga dømekraft når dei er bekymra for eit barn. Barn treng barnevern som takkar for kvar telefon om bekymring. Dei treng at menneska i dei tverrfaglege tenestene ser litt til. Barn treng også naboar som tør å forstå og seia ifrå. Først då vert tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid meir enn honnørord. Barn i 2021 treng meir enn nokon gong menneske rundt seg med finstilt radar, slik at dei navigerer med klokheit, mot, varme og snille augo. Ut av håpløysa, inn i håpet.
Teksten var først publisert i Hardanger Folkeblad 12. mars 2021,