Aktuelt
Barn som etterlatte etter sjølvmord
- 06/03/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Barn Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging Skole

Illustrasjonsfoto: pixabay.com
Når eit sjølvmord skjer synast mange at det er vanskeleg å møte dei etterlatte. Dei veit ikkje kva dei skal sei eller korleis dei skal snakke med dei.
Endå større utfordringar er det i møtet med barn og unge som har mista nære i sjølvmord og det viser seg at barnet eller ungdommen ofte ikkje får den hjelpa dei treng fordi ingen vågar å snakke med dei om det som har skjedd.
Gudrun Austad og Annie Norevik, begge med lang erfaring og spisskompetanse på arbeid med sjølvmordsførebygging, skal førelese på fagdagen “Barn som etterlatte etter selvmord”.
Kvifor skal folk melde seg på denne dagen?
– Vi veit at barn og ungdom som har mista nære i sjølvmord ofte får eit vanskeleg møte med skule og hjelpeinstansar, nettopp fordi det er for lite kunnskap om barn og sorg, og det spesielle ved sjølvmord. Om sorgen ikkje vert handsama på ein god måte, kan det skape vanskar for den unge i framtida.
– Vi vil setje dette viktige temaet på dagsorden ved å arrangere denne fagdagen. Målet med dagen er at det vi formidlar vert ein hjelp til å møte barn som har opplevd sjølvmord i familien, på ein god, ivaretakande måte. Fagdagen gir ei forståing av kva som er spesielt med sorgen barnet eller ungdommen opplever som etterlatt etter sjølvmord, seier Gudrun og Annie.
I første omgang vert den arrangert i Bergen den 23. mars, og den 6. april i Sandnes.
Relevant
Om selvmord på Senter for Krisepsykologi sin nettside (Her finnes lenker til informasjon om barn som etterlatte)