Aktuelt
– Barn har gått frå å vere usynlege til å få ei stemme i saker etter barneloven
- 17/01/2014
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Vold Vold, seksuelle overgrep

Nyleg inviterte vi til temadag om samvær mellom barn og foreldre i valdssaker
Statens barnehus i region vest, ATV Bergen og Barnevernvakten i Bergen var samla til temadag hos RVTS Vest. Kristin Skjørten*, Kristin Dahl* og Ragnhild Leite*, var invitert for å setje fokus på tematikken samvær mellom barn og foreldre i valdssaker.
Kristin Skjørten førelas om endringar i rettspraksis som følge av nyare lovendringar som er meint å gje barn auka beskyttelse mot vald og overgrep. Ho har forska på tema i tilknytning til vald i familien i ei årrekkje, og har dei siste ti åra arbeidd med korleis vald og overgrepsproblematikk vert behandla for domstolane i saker etter barneloven.
– Barnets beste skal alltid vere grunnlaget i barnefordelingssaker, sa Skjørten. «Barnets beste» er eit opent og dynamisk begrep, og opnar opp for mykje bruk av skjønn når det gjeld kva som er barnets beste.
Vidare påpeika ho at barnet har fått ein tydeleg posisjon i domstekster i løpet av dei siste åra samanlikna med tidlegare. Det er ikkje lenger berre far og mor sine forteljingar som gjeld. Barn har gått frå å vere usynlege til å få ei stemme.
Skjørten gav deltakarane eit innblikk i dei nyaste lovendringane, og kva dei har å seie for barnet sin posisjon i slike saker.

Barn utsett for vald er konstant redde
– Mi erfaring er at barn som har vore utsett for eller vitne til vald, går rundt og er konstant redde, sa Kristin Dahl.
Ho har utvikla ein traumebehandlingsmetode for barn som har vore eksponert for vald i familien. Dahl påpeika viktigheita av trygge rammer for barn som skal fortelje om sine opplevingar. Kva er rammene kring barnet som skal inn til avhøyr i barnehuset eller i domstolen? Kven er det som følgjer barnet dit? Kven er det som hentar barnet? – Det er bra at barnet blir høyrt, men rammene må vere trygge! Sa ho.
Ragnhild Leite avslutta dagen med å presentere funna ho gjorde i masterprosjektet sitt; Hvordan forstår advokater sin rolle i samværs- og barnefordelinssaker der det er påstand om vold.
Hovedfunna i datamaterialet er at advokatane er bevisst si doble rolle, der hensynet til barnets beste skal vere styrande for gjennomføringa av saken.
Advokatrolla i samværs- og barnefordelingssaker er utfordrande og gir mange dilemmaer. Dersom dei står i skvis mellom eigen klient og klienten sitt barn, held advokaten i dei fleste tilfeller på lojaliteten til eigen klient. Advokaten snakkar ikkje med dei barna det gjeld. Det kan gjere det vanskeleg å halde på barneperspektivet, men lettare å gå inn i den tradisjonelle rolla med å ha fokus på eigen klient, den vaksne forelderen (Kjelde: Hvordan forstår advokater sin rolle i samværs- og barnefordelinssaker der det er påstand om vold).
Vi spurte Sissel Pedersen Mehling og Cissel Økland frå Statens barnehus Stavanger om deira oppleving av temadagen:
– Dette har vore ein særs spennande dag. Den har vore nyttig når det gjeld endringar i lovverket og når det gjeld utfordringar vi må forholde oss til i arbeidet med barn og familiar i krise, ved Statens barnehus. Det er også veldig bra at fleire instansar vert samla, slik at ein får moglegheit til å dele erfaringar og snakke saman om utfordringar. Bra initiativ!
*Kristin Skjørten, forskar ved NKVTS
*Kristin Dahl, klinisk barnevernspedagog ved RVTS Midt og familievernkontoret i Sør-Trøndelag
*Ragnhild Leite, psykiatrisk sjukepleiar og familieterapeut, tilsett ved RVTS Sør
Relevante lenker
Barn som vitne til vold i familien – en behandlingsmanual
Hvordan forstår advokater sin rolle i samværs- og barnefordelinssaker der det er påstand om vold, Ragnhild Leite sitt masterprosjekt