Konsultasjonsteam om vold og seksuelle overgrep – relansering av nettressurs
Tverretatlig samarbeid er viktig og naudsynt for å sikre tidleg oppdaging av utsette barn og unge, samt for å gi rett hjelp til riktig tid. Alle som er i nær kontakt med barn og unge treng kunnskap og tryggleik for å oppdage dei som […]
Musikkterapeut Gunn Karoline Fugle (t.v) har leikt mykje med barn og tilsette i Tusenfryd barnehage i Førde. Foto: Mediekollektivet – Det er kunnskapen om musikkleiken sitt utviklingsfremjande potensiale vi har teke […]
Nyleg hadde vi fagdag for konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep, kor konsultasjonsteama sjølv sto for gjennomføring og innhald. Dagen var innleia av NOK.-senteret i Bergen som satt søkelyset på […]
Interessert i meir kunnskap om forebygging av radikalisering til høgreekstremisme på sosiale media-plattformar? 29. november arrangerer RVTS Vest, Bergen kommune og Vest politidistrikt eit seminar om dette, med fokus på […]
11. januar arrangerer vi OPS-kurs i samarbeid med RKBU Vest. OPS!-kurset er for alle over 18 år som ønsker å lære meir om korleis oppdage menneske med sjølvmordstankar, og sørge […]
RVTS Vest og Statens Barnehus Bergen arrangerer webinar om kartleggingsverkøyet PROFESOR. PROFESOR er eit kartleggingsverktøy til bruk i arbeidet med ungdom og unge vaksne som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handligar. – På […]
RVTS Vest og Statens Barnehus Bergen arrangerer webinar om kartleggingsverkøyet PROFESOR.
PROFESOR er eit kartleggingsverktøy til bruk i arbeidet med ungdom og unge vaksne som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handligar.
– På webinaret vert det ei systematisk gjennomgang av bakgrunn og bruk av verktøyet. Det vert lagt tilrette for dialog i chat, seier kurshaldarane Steinar Hvål og Cathrine Eide. – Vi anbefaler å melde seg på saman med ein kollega. Det er viktig å ha ein person å trene saman med. I løpet av webinaret er det satt av tid til å diskutere med sidemann eller i ei lita gruppe.
Om PROFESOR
PROFESOR er et kartleggingsverktøy og strukturert sjekkliste fagfolk kan bruke for å identifisere beskyttande faktorer og risikofaktorar, for ungdom og unge vaksne (12–25 år) som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handlingar.
PROFESOR er meint brukt ved planlegging av intervensjonar, for å hjelpe den unge til ei betre seksuell og relasjonell helse, og på den måten forebygge tilbakefall av grenseoverskridande seksuell atferd.
Kanadiske Dr. James Worling har utvikla PROFESOR. Verktøyet er omsatt til norsk i samarbeid med Worling, Ressursenheten V27 ved Betanien sjukehus og RVTS Vest.
Webinaret vil sette deltakaren i stand til å bruke PROFESOR i sitt arbeid. PROFESOR er gratis og fritt tilgjengeleg for bruk og nedlastning. .
Førebuing til webinaret
Vi oppmodar om å kikke på skåringssskjema, skåringsassistent og brukarrettleiing, som ligg på www.rvtsvest.no/profesor og ressurssida til James Worling, www.profesor.ca.
Vidare anbefaler vi å lytte gjennom podcasten med Steinar Hvål og Øystein Grov, kor dei diskuterer omsetjingsarbeidet, bruksområder for verktøyet og om fagfeltet generelt.
Praktisk informasjon:
Dato: 30. oktober 2023
Tidspunkt: 09.00 til 15.00
Avgift: 250,-
Tema:
- Bakgrunn for utvikling av verktøyet
- Målgruppe og bruksområde
- Gjennomgang av beskyttande faktorar og risikofaktorar ved bruk av kasuseksempler
- Skåring og handtering av resultat frå kartlegginga
- Vegen vidare
Etter fagdagen vil du:
- Ha god kjennskap til PROFESOR.
- Bruke PROFESOR som eit utgreiingsverktøy, kartleggingsverktøy og som sjekkliste.
- Bruke PROFESOR i planlegging av tiltak, støtte, tryggleiksplanar og behandling.
- Hjelpe kollegaer og andre til å bruke verktøyet.
- Bruke PROFESOR som hjelpemiddel i samrådsmøter og rettleiingsmøter.
Målgruppe:
Fagpersonar som har basiskunnskap om barn og unge som har utført grenseoverskridande seksuelle handlingar. Det er ein fordel med erfaring i bruk av kartleggingsverktøy.
Foredragshaldarar:
Psykologspesialist Cathrine Eide
Psykologspesialist Steinar Hvål