Aktuelt
Arbeid mot radikalisering – fagstilling ved RVTS Vest
- 07/01/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Ledig stilling
Ingen kommentarer
I samband med regjeringa si satsing mot radikalisering, har RVTS Vest inntil ei full stilling knytta til senterets arbeid mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Personar med anna etnisk bakgrunn enn norsk, eller med ei anna bakgrunn enn helse- og sosialfag, blir oppmoda til å søke.
Arbeidsoppgåver
Stillinga skal styrke senteret sitt nettverksarbeid for førebygging av radikalisering, og for oppfølging av personar som ein har uro for at kan gjere ekstreme valdshandlingar. Noko undervising og rettleiing må påreknast, samt at ein inngår i RVTS sine øvrige satsingar innan vald og seksuelle overgrep, psykososial beredskap, flyktningehelse eller sjølvmord.
Kvalifikasjonar
- Minimum utdanning på bachelornivå, masternivå eller høgare vil evt prioriterast.
- Relevant erfaring med radikalisering og valdeleg ekstremisme
- Rettleiings- og undervisingskompetanse.
- Gode evner til munnleg og skriftleg formidling
- Gode samarbeidsevne og evne til å jobbe både individuelt, tverrfagleg og i team
- Kjennskap til relevant forsking og kunnskapsstatus på fagområdet
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og nettverksbygging
Utdanning
- Barnevernsfag
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Juridiske fag
- Medisin
- Pedagogikk
- Psykologi
Eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Du er utadvendt og kontaktskapande
- Opptatt av faget og vidareutvikling av fagområdet
- Du arbeider strukturert, løysingsorientert og sjølvstendig
- Engasjement til å fronte RVTS og traumearbeidet utad
- Evne til å tenke strategisk og leie prosessar
- Vere ein god lagspelar og alliansebyggjar
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Godt arbeidsmiljø
- Eit spennande fagmiljø
- Faglege utfordringar
- Stor fridom til å utforme eigen arbeidskvardag
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Fleksitid
- Lønn etter avtale.