Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

05.11.13: Følger av tortur – Behandling av torturoverlevarar – Dokumentasjon av tortur: Kva bør du vete?

05/11/2013 @ 11:00 - 15:00

ELEKTRONISK PÅMELDINGSSKJEMA

Rolf Vårdal er utdanna fysioterapeut. Fysioterapeut i klinisk arbeid frå 1991-2009, 1998-2009 også med flyktningar/asylsøkarar, fleirtalet med traumatiske erfaringar; krig, fengsling, tortur, dramatisk flukt, m.m. Har vore ved RVTS Vest frå 2006, avbrote av ein periode (2010-2012) som integreringskonsulent ved Introduksjonssenteret for flyktningar i Bergen kommune.

Særleg fokus: Har jobba mykje med personar med torturopplevingar, ser kor viktig fysisk og annan aktivitet er for menneske med slike og andre traumatiske opplevingar.­ Vidare fokus på det ”menneskelege” aspekt i relasjonen, ikkje kun det vi kallar for terapi.

Marie-Christine Merametdjian er utdanna psykologspesialist. Ho har arbeidd i psykisk helsevern, poliklinisk og på sengepost, samt på BUP og på Familierådgjevingskontor. Ho har arbeidd lengst med flyktningar/asylsøkarar i Psykososialt team for flyktninger i Nord-Norge, sidan RVTS Nord og no RVTS Vest. I tillegg til å ha undervising, rettleiing og konsultasjon i flyktningfeltet arbeider ho 20% klinisk med flyktningpasientar på Kronstad allmennpsykiatriske poliklinikk.

Særleg fokus: Ho underviser om: Behandling av traumatiserte med flyktningbakgrunn,­ Kommunikasjon og bruk av tolk, Kompleks traumatisering og nyare traumeteori m.m. Ho driv fleire rettleiingsgrupper i region vest.

Det vil også bli innlegg om odontofobi.

Invitasjon til utprint på jobben:

[wpfilebase tag=file id=24 tpl=thumbnail /]

Temadagen er gratis, men på grunn av lunsjbestilling ber vi om påmelding.  Dersom du ikkje kan komme, gje beskjed i god tid på rvts@helse-bergen.no. Dersom du ikkje gjev beskjed, vil du bli belasta med 250,-. Påmeldingsfrist: 1. november

Detaljer

Dato:
05/11/2013
Tid
11:00 - 15:00
Kategori for Arrangement:

Arrangør

RVTS Vest

Sted

Rica Sunnfjord Hotel og Spa
Storehagen 2
Førde, 6800 Norge
+ Google-kart