Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Følger av tortur – Behandling av torturoverlevarar – Dokumentasjon av tortur: Kva bør du vete?

25/10/2013 @ 11:00 - 15:00

Førelesarar:

Invitasjon_temadag_thumbELEKTRONISK PÅMELDINGSSKJEMA Frist: 21. oktober

Rolf Vårdal er utdanna fysioterapeut. Fysioterapeut i klinisk arbeid frå 1991-2009, 1998-2009 også med flyktningar/asylsøkarar, fleirtalet med traumatiske erfaringar; krig, fengsling, tortur, dramatisk flukt, m.m. Har vore ved RVTS Vest frå 2006, avbrote av ein periode (2010-2012) som integreringskonsulent ved Introduksjonssenteret for flyktningar i Bergen kommune.

Særleg fokus: Har jobba mykje med personar med torturopplevingar, ser kor viktig fysisk og annan aktivitet er for menneske med slike og andre traumatiske opplevingar.­ Vidare fokus på det ”menneskelege” aspekt i relasjonen, ikkje kun det vi kallar for terapi.

Marie-Christine Merametdjian er utdanna psykologspesialist. Ho har arbeidd i psykisk helsevern, poliklinisk og på sengepost, samt på BUP og på Familierådgjevingskontor. Ho har arbeidd lengst med flyktningar/asylsøkarar i Psykososialt team for flyktninger i Nord-Norge, sidan RVTS Nord og no RVTS Vest. I tillegg til å ha undervising, rettleiing og konsultasjon i flyktningfeltet arbeider ho 20% klinisk med flyktningpasientar på Kronstad allmennpsykiatriske poliklinikk.

Særleg fokus: Ho underviser om: Behandling av traumatiserte med flyktningbakgrunn,­ Kommunikasjon og bruk av tolk, Kompleks traumatisering og nyare traumeteori m.m. Ho driv fleire rettleiingsgrupper i region vest.

Det vil også bli innlegg om odontofobi ved Diana Henriquez, tannlege ved Stord tannklinikk.

Temadagen er gratis, men på grunn av lunsjbestilling ber vi om påmelding.  Dersom du ikkje kan komme, gje beskjed i god tid på rvts@helse-bergen.no. Dersom du ikkje gjev beskjed, vil du bli belasta med 250,-. Påmeldingsfrist: 21. oktober

Invitasjon for utprint på jobben

 [wpfilebase tag=file id=23 tpl=thumbnail /]

Detaljer

Dato:
25/10/2013
Tid
11:00 - 15:00
Kategori for Arrangement:

Arrangør

RVTS Vest

Sted

Kommunehuset i Sveio
Sveiogata 70 Sveio 5559 Norge + Google-kart