Aktuelt
AIM Basic i september
- 11/05/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Overgrep Psykisk helse risikovurdering Seksuelle overgrep Skadelig seksuell atferd Unge
11. september har vi igjen ein dag med AIM BASIC i Bergen.
AIM2 (Assesment–Intervention–Moving on) er eit program for oppfølging av barn og unge med ein skadeleg seksuell atferd. Programmet er utvikla i England og er oversatt og bearbeidd til norsk av kompetansemiljøet V27, ved Betanien BUP i Fyllingsdalen.
RVTS Vest og V27 driver undervisninga. Programmet har fire kursmodular, som bygger på kvarandre. Introduksjonskurs (AIM Basic), utgreiingskurs , behandlingskurs og instruktørutdanningskurs. Dato for utgreiing, behandling og instruktør vert publisert når det er klart.
Innhald i AIM Basic:
Grunnleggande fagkunnskap om skadeleg seksuell atferd (SSA) blant barn/ungdom. Nivådifferensiering av kunnskap, verktøy og behandling/intervensjonar. Kort om ERASOR verktøyet og AIM2 (Trafikklys – verktøyet. Praksis/øvelse).
Målgruppe for AIM Basic awareness:
Alle interesserte fagpersonar (kommunalt barnevern, helsesøstre, fastlegar, kommunale psykologar, ansvarlege ved skule/barnehage, ansvarlege for PU-tiltak, lokale BUPar, BUFetat, Statens barnehus, Konfliktrådet, Friomsorgen osv.)
Meld deg på
Påmeldinga vert stengt den 28. august (eller når kurset er fullt)