Aktuelt
Fagleg påfyll for konsultasjonsteam i Hordaland
- 04/10/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Barn barnesamtalen Førebygging Kriser omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Skadelig seksuell atferd Traume Utviklingstraumer Vold Vold i nære relasjoner
Koordinatorforum for tverretatlege konsultasjonsteam om vold og seksuelle overgrep i Hordaland i samarbeid med RVTS Vest, inviterte nyleg til fagdag for alle medlemmar i dei lokale konsultasjonsteama.
Dagen hadde fokus på ulike tema som konsultasjonsteama møter i sitt tverrfaglege arbeid i kommunane.
Lars Due Tønnesen frå Bufdir orienterte om den nye retningslina for samhandling mellom politi og barnevern, som blant anna tek for seg barnevernets taushetsplikt, varsling til politiet og vurdering av barnets beste. Arbeidet med retningslinene har teke tid og det har vore utfordrande å samle politi og barnevern om korleis best mogeleg handtere saker kor barn er utsett for vald og seksuelle overgrep, men no ser det ut til at retningslina vert lansert i løpet av november.
Silje Nygård er virksomhetsleiar i Sandnes kommune, og tok for seg dilemmaene knytt til beskyttelse og/eller straff. Ho fremheva at både barnevern og politi har viktige oppgåver og at samarbeid er viktig og nyttig. Begge etatar må ha barnets beste i sentrum.
Line Sortland og Hedda Solås Taugbøl fra Vest Politidistrikt jobbar med etterforskning av internettrelaterte seksuelle overgrep. Dei fortel at vaksne planlegg, bestiller og deler overgrep over internett. Barn og unge vert forleda, eller trua til å lage og dele seksualisert materiale av seg sjølv. Dei seier at det er viktig at vaksne og fagfolk i hjelpeapparatet kjenner til og har kunnskap om korleis barn og unge vert utsett for seksuelle overgrep, også på internett.
Milfrid Tonheim, professor i sosialt arbeid ved Høgskulen på Vestlandet, presenterte resultat av evalueringa som ho, saman med Reidar Jacobsen og Hilde Danielsen gjorde for NORCE. Rapporten Hjelp til å avdekke vold og overgrep mot barn og unge – en evaluering av konsultasjonsteam var ferdig i juni i år, og synte at det er kring 34 aktive konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep mot barn i Norge i dag. Dette inkluderer både kommunale konsultasjonsteam, BUF-etat sine team og konsultasjonsteam ved Barnehusa.
Evalueringa synte at barnevern, barnehage og barneskule er dei som står for den største delen saker som vert meldt inn til teama. Bakgrunnen for å søke råd hos teama var i dei fleste tilfelle noko barnet hadde sagt eller noko dei vaksne hadde observert ved barnet.
– Det er mange alvorlege saker som vert meldt inn, og vi som har gjort evalueringa tenker at terskelen for å melde inn saker til konsultasjonsteama burde vore mykje lavere, seier Milfrid Tonheim.
Tilbakemelding frå dei som har søkt råd i konsultasjonsteama er overveiande positive; dei får bekreftelse på eiga bekymring, handlingar og refleksjonar. Ein tverrfagleg, heilheitlig og brei drøfting av saken, samt råd og innspel utanfrå vert framheva som nyttig. Av negative tilbakemeldingar trekker rådsøkarar fram at det kan vere lang ventetid, lang reisetid og at ein nokre gonger ikkje får råd ut over det som allereie er utprøvd.
Svært få teamleiarar har øremerka stillingsheimlar knytt til arbeidet med konsultasjonsteamet, sjølv om nokre av deltakarane i teama har noko rom i sitt arbeid til denne oppgaven. Med begrensa tid og ressursar, kan teama ha vanskar med å få spredt informasjon om sine oppgåver. Som ein av rådsøkarane seier: «Mange som har behov, men få som veit».
Sjølv om det er relativt få saker som vert meldt inn til konsultasjonsteama, syner eitt av hovedfunna at teama svarar til eit behov for støtte, tverrfaglege vurderingar og eit eksternt blikk. Anbefalingane frå utvalet som har stått for evalueringa er følgande:
- Ansvar for vidareutvikling av ei ordning med konsultasjonsteam vert lagt til Barne- og familiedepartementet og BUFdir
- Støtte og opplæring av team vert lagt til RVTSane
- Utforming av nasjonale retningsliner for konsultasjonsteama
- Utvide tematisk fokus og dekke breidden i barn sine erfaringar med vald
- Ei inkluderande og meir standardisert målgruppe
- Auka prioritering av informasjonsarbeid om teama si eksistens og tilbod
- Eigne ressursar til teama
Kvinnherad kommune er ein av dei kommunane som har satsa på arbeidet med konsultasjonsteam. Koordinator for konsultasjonsteamet, Kurt Dahl, er frikjøpt i 20 % for å jobbe med konsultasjonsteam og kompetansebygging i Kvinnherad og Hardanger. Stillinga skal utvidast til 60% frå januar. Kvinnherad ønsker å satse på kunnskap og kompetanse i kommunen, i alle tenester som møter barn, unge og foreldre. Dahl seier at dei også vil ha fokus på informasjon direkte til barn og unge i kommunane.