Aktuelt
Buddies for Change
- 14/08/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt æresrelatert vold Helseskadelege tradisjonar Integrering Kultursensitiv Psykisk helse Radikalisering Relasjon Sosial kontroll Traume Tvangsekteskap Utenforskap Voldelig ekstremisme
F.v: Francois Elsafadi, deltakar på sommarcamp, Elisabeth Harnes, Stina IA og David Martinez.
Eit inkluderingstiltak mot utanforskap og ekstremisme.
Med sine 300 medlemmar frå 33 nasjonar er Møhlenpris Idrettslag (MIL) kjent for å vere eit inkluderande idrettslag som nyttar idrett som verktøy for å samle einslege mindreårige flyktningar og minoritetsungdom. Målsetjinga er å komme i posisjon og utruste ungdommane med naudsynt handlings- og haldningskompetanse for å skape ressursar og aktive deltakarar i samfunnet.
Med samarbeidspartnarar som Bergen kommune, politiet og RVTS Vest, jobbar dei for å forebygge negativ sosial kontroll, tvangsekteskap, utanforskap og valdeleg ekstremisme.
Kjærleik som metode
Elisabeth Harnes er koordinator for RVTS Vest sitt arbeid med forebygging av radikalisering og valdelig ekstremisme, og har gjennom RVTS Vest hatt mykje samarbeid med MIL.
– Hovedessensen i MIL er å vere ein god støttespelar for kvarandre, og saman byggje ein kultur der normen er å bry seg og vise kjærleik. BRY DEG OG VIS KJÆRLIGHET vart også eit naturleg val av tema på årets sommarcamp etter drapet på Said Bassam Chataya som rysta Bergen i januar. Både vener og familiemedlemmar av Said er tilknytta MIL. I tida etter drapet har det blitt prata mykje om korleis slike hendingar kan forebyggast, korleis vald ikkje er løysinga. MIL fastslår at den verste konsekvensen av utanforskap er nettopp vald og understreker at kjærligleik er deira viktigaste verkemiddel i det forebyggende arbeidet.
– Erfart kjærleik er den sterkeste motkrafta vi har i bekjempelse av utanforskap og valdelig ekstremisme, seier Elisabeth Harnes. – Med tung livsbagasje prega av krenkingar, overgrep og avvisning kan kjærleik også framstå som truande. Opplevingane kan ha ført til tap av viktige omsorgspersonar, men også svekka evner til å bygge relasjonar. Det er viktig å forstå at for traumeutsette ungdommar kan også trygge vaksne lett forbindast med vonde kjensler og føre til at man møter personar med mistenksomhet, unnvikelse og uvennlighet.
– Den amerikanske nevrobiologen Bruce Perry har sagt i intervju med RVTS Sør at «når jeg snakker om «kjærlighet», så er det fordi jeg ønsker å anerkjenne det følelsesdrevne elementet som går på det å kunne stå i det når det koker som verst. Der du klarer å anerkjenne barnet for den han er, selv om han kanskje er veldig utfordrende. Det er denne kjærligheten som gjør at du klarer å være tilstede, oppmerksom, inntonet og responsiv i disse helende øyeblikkene».
– Det er nettopp denne robuste kjærleiken MIL ønsker å utruste sine ungdommar med, seier Elisabeth. – Tillit, tryggleik og tilhøyrsle skapar rom for heling og det blir lettare å handtere konfliktar og jobbe med vanskelege tema. Å erfare at nokon vil deg vel, har tru på deg og vil vere der for deg, uansett kva som skjer er kjærleik med ein terapeutisk verknad.
– Å øve seg på sosial meistring og integrasjon i eit trygt fleirkulturelt fellesskap som MIL, utrustar ungdommane med ei avgjerande sosial støtte og kulturkompetanse som kan redusere psykiske vanskar og fremje integrering, seier Elisabeth.
Juniormetorar
Mange kjem aleine til Noreg i ung alder og har sjølv opplevd å få hjelp. Når dei vert eldre, er det deira rolle å ta vare på andre. Det kan dei blant anna gjere ved å bli juniormentor, seier David Martinez, dagleg leiar i MIL, til BA. Han forklarar tanken bak kvifor unge bør hjelpe unge:
Det er ungdommene selv som best vet hvordan ungdommer har det. De får med seg hvem som sitter mye hjemme alene og har det vanskelig, eller hvem som virkelig behøver å komme seg ut og få et fellesskap og en tilhørighet. Noen av dem trenger kanskje noen å snakke med, men stoler ikke på noen, men de har lettere for å stole på noen som er i samme alder. Ungdommer som har hatt det vanskelig kan bruke sin erfaring til å hjelpe andre, og de blir med det en viktig ressurs.
David Martinez til BA.
MILs juniormentorordning er eit redskap mot utanforskap og valdeleg ekstremisme.
– Juniormentorane i MIL kjem frå ulike etniske minoritetsmiljø og mange av ungdommane har sjølv erfart eit utfordrande liv. Desse dyrebare erfaringane ønsker vi å gjere om til ressursar og erfaringskompetanse. I tillegg til opplæring og rettleiing blir dette ei viktig styrke i deira mentoroppdrag, seier Elisabeth. Ho er fagleg rettleiar og foredragshaldar i MIL sitt satsingsprosjekt på juniormentorar mot utanforskap og valdeleg ekstremisme.
Jeg hadde en vanskelig oppvekst som gjorde at jeg på et tidspunkt falt utenfor og begynte å eksperimentere med narkotika. Det var David som hjalp meg ut av det. Med han og de andre i MIL hadde jeg plutselig mange som støttet meg, det gjorde ingen av de jeg ruset meg med. Hvis det er ungdommer der ute som er lei av å sitte å røyke og finne på tull, eller som sliter, så ta kontakt med meg. Vi kan snakke sammen, og så kan jeg sende deg videre til de som har vært forbilder for meg.
Juniormentor på sommercamp, til BA