Aktuelt
Nyleg arrangerte Bergen kommune og Bergen Moské i samarbeid med RVTS Vest og Vest politidistrikt seminar om «Ytringsfrihet og Hatprat» for imamar og leiarar i moskear i Hordaland.
Målet med denne type seminar er å styrke deltakarane sin haldnings- og handlingskompetanse om hatkriminalitet og muslimfiendtligheit, med fokus på politiske tiltak, forskning, juridisk lovgjevnad, psykisk helse/traumer og forebygging på samfunnsplan.
Basert på erfaringar frå Hordaland, bidro deltakarane blant anna med innspel på tiltak mot islamofobi til regjeringa sin handlingsplan mot rasisme og etnisk og religiøs diskriminering.
Auka frykt og fientlegheit
Elisabeth Harnes frå RVTS Vest hadde innlegg og workshop om psykiske helseaspekt knytt til islamofobi og hatkriminalitet med hovudfokus på kollektive og religionsbaserte traume.
– Det er viktig å vere bevisst på eigne reaksjonar samt styrke dialogisk kompetanse for å kunne regulere og forsterke motstandsdyktighet både på individ- og kollektivt plan, seier Elisabeth. – I workshopen jobba vi blant anna med ritualer og tiltak som kan fremje resiliens i moskémiljøa, men óg på tvers av sektorar som moské, kommune, RVTS Vest og politi. Vi har i takt med flyktningekatastrofen i Europa sett ein aukande muslimfiendtlegheit både globalt og nasjonalt – det er derfor svært viktig at vi fortsatt står saman og skapar alternative forteljingar.
– Globale terrorhandlingar retta mot muslimar, som hendinga i New Zealand, blir plutselig veldig nært og kan gje emosjonelle og kroppslege reaksjonar i form av frykt, avmakt, sinne, angst, kronisk stress og isolasjon. Fleire opplever parallelt ei eskalering av trugslar og hatkriminalitet i nærmiljøet, som forsterkar ein allereie aktivert frykttilstand. I ein slik situasjon kan det vere lett for at generalisering og ytterlegare polarisering finn stad, seier Elisabeth.
Honnør til Bergen moské
– Eg ynskjer derfor å honorere imamane og leiarane i Bergen Moské som bevisst mana til fellesskap, nestekjærleik og solidaritet i tida etter terrorangrepet, både i moskeen og i det offentlege rom. Dei hadde i tillegg ein genuin omsorg og ivaretaking av sine medlemmar som er beundringsverdig. Frå det offentlege stilte fleire av våre samarbeidspartnarar opp og politiet tilbudte ei patrulje i forkant av fredagsbønnen for å trygge, vise medkjensle og respekt, seier Elisabeth.
– Sovande lover, handlingsplanar og kommunale tiltak er ikkje nok om man skal skape resiliens mot aukande polarisering og hatkriminalitet. Viktige faktorar i traumestabilisering er trygge relasjonar, meining, respekt og tillit over tid. På kollektivt plan treng vi synlege handlingar og ein kontinuerleg åpen dialog om kven vi er og kva samfunn vi ynskjer å vere saman. Vidare må vi finne adekvate verktøy og tiltak samt fronte dei felles verdiane som vi trur på, ikkje berre innad i moskémiljøa versus lokale myndigheiter, men også i fellesskap og på tvers av sektorar. Det er nettopp derfor vi fortsetter det gode samarbeidet for femte år på rad*. Tillit og tryggleik vert utvikla primært via relasjonar vi erfarer vil oss vel og som er indre forankra. Eg trur at det er i slike relasjonar at vår universelle menneskeheit veks nærmare. Meining vert skapt. Gjensidig toleranse på tvers av politiske, religiøse og ideologiske ståstader vert utvikla. Robuste bruer vert bygd, avsluttar Elisabeth.
* Bergen moské, Vest politidistrikt, Bergen kommune og RVTS Vest har sidan 2015 hatt eit samarbeidsprosjekt for kompetanseheving av imamar og leiarar i moskeane i byen kring dette temaet. Ei kunnskapsbasert tilnærming til tematikken for å forstå kva som kan vere sårbarheitsfaktorane som kan føre til radikalisering har vore viktig for samarbeidspartnarane i prosjektet.
[smartslider3 slider=3]
Relevant:
Kunnskapsportal om radikalisering og valdeleg ekstremisme (utveier.no)