Aktuelt
Likemenn som støtter krigsveteranar
- 22/06/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Psykisk helse Psykososial beredskap Psykososial oppfølging Traume Veteran
Nyleg var det første samling for dei som tek vidareutdanninga.
RVTS Vest har utvikla ei vidareutdanning i samarbeid med erfarne likemenn og krigsveteranar, kor vi har fokus på likemannen som ressursperson.
Hensikten er å videreføre og utdjupe den handlingskompetansen som likemenn allereie har. Utdanninga går over fem to-dagarsamlingar, og det er fokus på relevante tema, sentrale utfordringar, erfaringsutveksling og rettleiing.
Det er Venke A. Johansen og Geir Olsen frå RVTS Vest som har det faglege ansvaret:
– Likemenn driv eit krevjande og viktig støttearbeid blant krigsveteranar, som blant anna kan ha stor betydning som førebygging av posttraumatiske langtidsreaksjonar. Likemannsinnsatsen omfattar ei rekkje aktivitetar og ulike situasjonar med støtte og ivaretaking av andre. Ein slik innsats krev motivasjon og engasjement, men også noko grensesetjing og ivaretaking av seg sjølv. Målet med vidareutdanninga er å bidra til ytterlegare kvalitet på arbeidet, i tillegg til å førebygge retraumatisering og slitasje på likemenn som hjelparar, seier Venke og Geir. Vidare seier dei at det er ei forutsetning at deltakarane er aktive som likemenn eller jobbar med veteranar. Samstundes skal dei ha eit avklart forhold til eigne reaksjonar og eventuell skade. Tilbodet er uavhengig av kva veteranorgansiasjon deltakarane eventuelt er medlem av.
Kjell Brosteen representerer NVIO Rogaland (Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner), og er ein av deltakarane på undervisninga.
Kjell har lang erfaring med likemannsarbeid, gjennom blant anna Kameratstøtten, eit lågterskeltilbod frå NVIO.
– I dag har eg vakt, det vil seie at eg må vere klar til å ta telefonen om nokon skulle ringe. Kameratstøtten er eit lågterskeltilbod for veteranar som treng nokon å prate med, dersom dei har tankar som kan vere vanskeleg å snakke om. Av og til er det nok å berre prate. Det hender også at nokon i familien ringer oss om dei er bekymra for eit familiemedlem som har tenestegjort i utlandet. Det kan vere bekymring knytt til at personen har endra atferd, som for eksempel at ein vaknar av at partneren har mardraumar og skriker om natta.
– Det eg forventar av denne undervisninga, er at eg får ein ballast som eg kan ta med meg vidare i arbeidet mitt. Vi har til dømes snakka om det som handlar om sjølvmord. Min erfaring er at det er bra å setje ord på det som veteranar kan slite med.