Aktuelt
Gode erfaringar med sinnemeistringskurs for ungdommar
- 29/04/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
F.V: Elin-Marie Langeland og Beathe Engelsen frå Utekontakten i Bergen.
Utekontakten i Bergen har gjennomført to rundar med gruppetilbud i Sinnemestringskurs for ungdommer, totalt fire grupper.
Dei tilsette som driv gruppene er utdanna sinnemeistringsterapeutar frå forrige kull RVTS Vest arrangerte i Sinnemestring Brøsetmodellen.
– I tillegg til gruppetilbodet, har vi også gjennomført nokre individuelle løp, seier Elin-Marie Langeland og Beathe Engelsen frå Utekontakten i Bergen.
– Ungdommar er blitt henvist frå skular, helsesjukepleiarar, barne- og familiehjelpen, pårørande og internt i tenesta. Ungdommar har også henvist seg sjølv. Friomsorgen kjenner til oss og har muligheit til å henvise ungdommar busett i Bergen kommune.
– Gjennom våre møte med ungdommar som strevar med å handtere kjensler og ønsker sinnemeistringskurs, erfarer vi at det kan vere både hensiktsmessig og naudsynt å tilpasse kurstilbodet noko til deltakarane i gruppa, med omsyn til kor dei er utviklingsmessig. For eksempel fekk guttegruppa besøk av ein mannleg erfaringskonsulent tilsett i tenesta, og det vart gjennomført aktivitet midtvegs i kurset. Målet var å senke terskelen for deltaking inn i gruppa. Vi har fått gode tilbakemeldingar, avsluttar dei.
Ny runde med Sinnemestring Brøsetmodellen i 2022
I samarbeid med Krisesenteret i Stavanger startar RVTS Vest i 2022-2023 ny runde med undervisningsprogrammet Sinnemestring Brøsetmodellen.
Sinnemestring Brøsetmodellen er eit utdanningsprogram for fagfolk som møter utøvarar av vald i nære relasjonar. Denne gongen arrangerer vi utdanninga i Stavanger.
Fagleg innhald:
SBM bygger på kognitiv evidensbasert teori, og innføringsseminaret i kognitiv terapi er inkludert i kurset og godkjent av Norsk Forening for Kognitiv Terapi.
Modellen er program- og manualbasert, og gir opplæring i gruppe- og individualbehandling. Det er utvikla manualar og arbeidsbøker for begge tilnærmingane og ein eigen manual for tilsette i kriminalomsorgen. Det er også ein ungdomsmanual.
Målgruppe:
Tilsette i kommunale tenester innanfor psykisk helse, rusfeltet, barneverntenesta og ungdom med aggresjonsproblem.
Tilsette i familievernkontor, DPS, eller andre delar av spesialisthelsetenesta samt tilsette i kriminalomsorgen (friomsorg eller fengsel).
Søkjarar bør ha 3 årig helse- eller sosialfagleg utdanning.
Sinnemeistringstilbodet må forankrast i leiinga, slik at det er mogeleg å praktisere i eiga verksemd.
Praktiske opplysningar:
Utdanningsprogrammet er støtta av Helsedirektoratet, og det er ingen kursavgift. Undervisninga er lagt til Stavanger.
2022: 28. – 30. september og 23. – 25. november.
2023: 1. – 2. februar, 22. – 23. mars, 19. – 20. april og 24. – 25. mai.
Ønsker du å delta? Les meir om utdanninga, og søk via søknadsskjema. Frist: 1. juli