Aktuelt
ICDP -foreldrerettleiing
- 26/01/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Integrering Kultursensitiv Psykisk helse
ICDP er eit internasjonalt foreledrerettleiingsprogram som skal styrkje samspel og relasjon mellom foreldre og barn.
RVTS Vest tilbyr opplæring av ICDP-rettleiarar som skal ha grupper for foreldre med ein flukt- / minoritesbakgrunn.
Vi snakka med Solbjørg Marjala og Khadija Erraji, som begge er rettleiarar for minoritetsversjonen av ICDP. Dei deler sine tankar kring programmet, og kva det kan bety for foreldre som treng litt ekstra rettleiing i si foreldrerolle.
Sjå intervju:
Låg terskel
– ICDP er eit internasjonalt foreledrerettleiingsprogram som skal styrkje samspel og relasjon mellom foreldre og barn, seier Khadija.
– Det er eit fantastisk tilbod, seier Solbjørg. – Det fremjer meistring. Det er foreldra som er ekspertane på sine barn og seg sjølv – og det å ha det rommet og tida kor ein kan sitje saman og reflektere over både eigen barndom og eigen framtid, det kan vere magisk.
– Eg trur det er veldig viktig at dei foreldra som har utfordringar og ikkje får hjelp eller ikkje tør å søkje hjelp andre stader, har moglegheit for å få hjelp på eit slikt lågtersketilbod, seier Khadiija. – Nokon er kjempeskeptiske, nokon er redde for å komme i kontakt med barnevernet eller spørje om hjelp der.
Ho seier vidare at ICDP gir moglegheit for gruppetilhøyre. Ein sit i grupper og lærer av kvarandre gjennom dialog. – Vi lærer også mykje på denne måten, skyt Solbjørg inn.
– Det er vanskeleg å vere foreldre, seier Solbjørg, – så det er mange som treng hjelp frå det offentlege, til dømes med avlastning, støttekontakt. Det er på den måten det offentlege vanlegvis hjelper.
– Foreldre møter nye utfordringar som dei ikkje var kjende med frå før; det kan vere informsjon om seksuell legning , noko mange ikkje har kjennskap til frå før. Nokon kan vere skeptiske til seksualundervisninga som barna får på skulen. Dei synast at dette er utfordrande, seier Khadiija.
Andre utfordringar for foreldre som er nye i Noreg
– Ofte har foreldre med ei flukt-/minoritetsbakgrunn dei same utfordringane som alle foreldre har i kvardagen. I tillegg har nokon utfordringar i møte med norsk kultur, det nokon kallar “kultursjokk”. Det å komme frå ein annan kultur, med ein annleis måte å oppdra barna på, og så møte norsk kultur kor ein må gjere ting på ein annleis måte, seier Khadija.
– Dei har utruleg mange spørsmå, seier Solbørg. – Kva er det som foregår i barnehagen? Kva foregår på skulen? Korleis er det i norske heimar? Kva er vanleg i norske heimar? Kva er barneoppdragelse i Noreg? Dette er utruleg viktige spørsmål, samstundes er det vanskeleg å gripe det – for dei kan ikkje spørje kven som helst.
Arena for å ta opp etiske spørsmål
– Når vi hadde ICDP-gruppe sist, så var det den diskusjonen om utvidling av grensa for sjølvbestemt abort til veke 23, seier Solbjørg. – Det var mykje fokus på dette i skulen, og foreldra tok diskusjonen med seg inn til oss. Vi to har også ulike meiningar om desse viktige spørsmåla, og vi fekk til ein god dialog med gruppa.
– Eg trur det var viktig at dette kom fram der. Trass i at vi er rettleiarar og har hatt same rettleiing gjennom same program, så er også vi styrt av vår bakgrunn, kultur og våre verdiar, seier Khadija.
– Så det at vi er mangfoldige, gjorde at det blei ein inkluderande og mangfoldig arena, seier Solbjørg.
– Ja, det kan vere veldig nyttig i ICDP med to rettleiarar med ulik bakgrunn, avsluttar Khadija.
Interssert i RVTS Vest sitt ICDP-tilbod?
Kontakt Patrick O-Loughlin eller Chiku Ali.