Aktuelt
Lansering av revidert handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme
- 19/06/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Hatprat Integrering Psykisk helse Radikalisering Sosial kontroll Traume Voldelig ekstremisme
Nyleg lanserte regjeringa den reviderte handlingsplanen om radikalisering og valdeleg ekstremisme kor RVTS’ane sin nye nasjonale ressurs- og rettleiingsfunksjon vart presentert.
Gjennom det nye tiltaket vil RVTS få muligheit til å gjere fagfolk endå tryggare. Koordinering, rettleiing og nettverk er heilt avgjerande for at nasjonen, regionane og kommunane kan bidra i arbeidet med forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. RVTS ønsker skreddersydde kompetansehevingstiltak og vil styrke arbeidet i regionane med fokus på nettverk og rettleiing av kommunar og andre aktørar som jobbar med forebygging.
Fleire tiltak etablert på Vestlandet
RVTS Vest har sidan 2015 etablert fleire kommunale og regionale opplæringspakkar og fagnettverk i samarbeid med relevante aktørar. Vi driv blant anna mentorutdanning mot radikalisering og valdeleg ekstremisme med deltaking frå heile landet, samt regionale mentornettverkssamlingar.
– Med det nye tiltaket håpar vi å styrke og utvide det gode arbeidet som allereie er etablert, og samtidig sørge for at alle kommunar og relevante aktørar vert invitert inn. Å bistå i endå større grad med kompetanse og rettleiing der det er behov for oss, er ein viktig ambisjon i tida framover, seier koordinator Elisabeth Harnes og nestleiar ved RVTS Vest, Geir Olsen.
Bilete frå den siste mentorutdanninga i 2019:
Sidan 2015 har Bergen kommune ved Utekontakten hatt ansvar for implementering av ei mentorordning. Ordninga består av Tverretatlig Operativ Team (TOT) Radikalisering og ein mentorbank med utskolerte mentorar som vert påkobla via «matching» i radikaliseringssaker.
Mentorane er utskolerte frå RVTS Vest og representerer eit mangfold i kjønn, etnisitet, språk, alder og arbeidserfaring. Tilbodet er for både ungdom, vaksne og familiemedlemmar i saker som handlar om radikalisering og valdeleg ekstremisme. Ein jobbar både forebyggande og bistår i reintegreringsprosessar.
Tverretatlig operativ team (TOT) Radikalisering består av radikaliseringskoordinator ved RVTS Vest, radikaliseringskontakt i politi og avdelingsleiar i Utekontakten. Teamet møtast jamnleg, samt ved operative behov. Ein drøftar enkeltsaker, foreslår tiltak (til dømes mentor) og evaluerer tiltak.
Undervisning og samlingar
Sidan 2016 har vi i samarbeid med Vestland Fylkeskommune, Bergen kommune og Rafto Foundation for Human Rights, tilbudt ein undervisningspakke over tre dagar, om forebygging av utanforskap og valdeleg ekstremisme i skulen (Dannelse og inkludering i skulen), samt nettverkssamling om temaet for lærarar.
Vi har hatt gode erfaringar med skreddersydde kick- off-samlingar i samarbeid med Vest politidistrikt, for kommunar som ønsker å starte opp forebyggande radikaliseringsarbeid. I tillegg har vi saman med Bergen kommune, Bergen Moské og Vest Politidistrikt, arrangert jamnlege fag- og nettverkssamlingar for moskèar i Vestland med mål om å forebygge radikalisering, hatkriminalitet og valdeleg ekstremisme.
Andre viktige forebyggende tiltak har vore utvikling av juniormentorutdanning om forebygging av fleirkulturelt utanforskap og radikalisering (Møhlenpris idrettslag) samt endringsagentarbeid mot vald og ekstremisme (TUSMO).
Viktig med forebygging
Statsminister Erna Solberg, framheva i si innleiing på lanseringa av handlingsplanen, at forebygging er viktig.
Ingen blir født terrorist. Det er noe man blir når man er overbevist om at alle andre veier er stengt eller man klarer å få inn et vrangbilde av hvordan verden er. Derfor er forebygging avgjørende. Vi må fange opp personer i risikosonen så tidlig som mulig og møte dem med tiltak som virker. Slik forhindrer vi ikke bare at noen kan bli sårbare for radikalisering. Slik sørger vi også for et mer inkluderende samfunn.
Samarbeid på tvers av fagområder og samfunnssektorer er en nøkkelfaktor for å lykkes. Alle kan bidra, og ofte gjør vi det uten at vi vet det. Når vi snakker om forebygging, så handler det ofte om ting som de fleste av oss tar som en selvfølge helt fra vi er små: Å få venner og et sted å høre til. Å kunne få og ta ordet i en diskusjon. Å få lov til å bry seg om andre og oppleve at andre bryr seg om deg.
Utdrag frå Statsminister Erna Solberg si innleiing
Solberg fortalde at den reviderte handlingsplanen bygger på og videreutviklar mykje av innhaldet i planen frå 2014. Dette gjeld blant anna innsatsen i skulen, helsevesenet og kriminalomsorgen, i tillegg til politiet sine radikaliseringskontakter.
Interessert i RVTS Vest sitt arbeid med forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme? Kontakt Elisabeth Harnes.