Aktuelt
Nye ressursar for ungdom om trygg kommunikasjon på nett
- 29/05/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Nettressurs Psykisk helse Ressurs på nett Rettleiar Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar Sjølvskading Traume
#chatsafe er retningsliner for unge om korleis kommunisere trygt om sjølvmord på nettet.
Unge menneske nyttar i aukende grad ulike sosiale media for å diskutere sjølvmordsrelatert innhald, men det har til no vore lite rettleiing tilgjengeleg for å hjelpe unge menneske med å gjere dette på ein trygg måte.
Retningslinene er opprinneleg utvikla av det australske forskningssenteret Orygen med støtte frå den australske regjeringa. Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF), har samarbeidd med Orygen om den norske versjonen.
#chatsafe-retningslinene er utvikla i eit samarbeid mellom fagfolk innan sjølvmordsforebygging og kommunikasjon, samt unge menneske. Målet var å utvikle kunnskapsbaserte retningsliner som kan hjelpe unge menneske med å kommunisere trygt om sjølvmord på nettet. Hensikten er å gi støtte til dei som responderer på sjølvmordsrelatert innhald posta av andre, eller for dei som ønsker å dele eigne kjensler, erfaringar eller sjøvmordsatferd på nett. Retningslinene gir også praktisk bistand til foreldre, lærar og andre som har kontakt med unge menneske som er aktive på nett.
Gudrun Austad jobbar med sjølvmordsforebygging ved RVTS Vest, og synast at det er viktig at retningslinene når ut til folk.
– Dette er relevant for foreldre og alle som jobbar med ungdom. Det kan være lurt å sette seg inn i retningslinene, og ha dei som eit utgangspunkt for samtale med unge om korleis dei kommuniserer på nettet. Det er nyttig å ha eit konkret verktøy i ein slik samtale. For eksempel det som handlar om å ta vare på seg sjølv, det å bevisstgjere på at det som vert delt på nett, det blir der. Det finnast mange gode råd her.
I Noreg har NSSF samarbeidd med Psyktærlig, som har bidratt med sin erfaringskompetanse og kjennskap til målgruppa. Psyktærlig er ein frivillig dreve Snapchat-vlogg som fokuserer på psykisk helse og erfaringsbasert rådgjeving retta mot ungdom i Noreg.
– Det er veldig kult at NSSF har valgt å samarbeide med Psyktærlig. Det er nettopp det som gjer desse retningslinenene så gode, at unge har vore med i utviklinga av dei heilt frå starten. Både i Australia og i Noreg. Då blir det ikkje sånn at det er vi vaksne som kjem og skal fortelje dei unge om korleis dei skal kommunisere på nett. Dette er anbefalingar som unge sjølv står bak.
– Ved RVTS Vest tenker vi at dette er ein viktig ressurs, både for unge, foreldre og dei som jobbar med unge. Vi kjem til å ta retningslinene inn i all vår undervisning for hjelparar som jobbar med unge, seier Gudrun Austad.
Kjelde: Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF)