Aktuelt
Den 4. september 2024 arrangerer RVTS Vest to parallelle workshops for helsepersonell som jobbar klinisk med henholdsvis barn eller vaksne.
Dissosiasjon hos vaksne:
Førelesar: Suzette Boon
Innhald:
Innføring og opplæring i TADS-I i arbeid med vaksne. Dette er eit intervju for traumerelaterte symptom, og gir haldepunkt for diagnostisering av komplekse dissosiative lidingar. Intervjuet er utvikla av Suzette Boon, og er oversatt til norsk.
Workshopen vil også gi ei god innføring i kva komplekse dissosiative lidingar er, og har fokus på relevante differensialdiagnostiske utfordringar. Les meir om TADS-I på sidene til Suzette Boon. Ho har nyleg utgjeve boka Assessment of Trauma-related Dissociation, kor TADS-I er grundig omtalt.
Dissosiasjon hos barn:
Innhald:
Klinisk arbeid med barn og dissosiasjon. Karen vil snakke om korleis ein kan forstå, oppdage og behandle dissosiative utfordringar hos barn, og korleis ein kan jobbe med dissosiative delar. Workshopen går meir i dybden på kliniske problemstillingar. Karen har brei erfaring frå klinisk arbeid med barn og foreldre, også innanfor ei skulepsykologisk setting. Ho har utvikla tøydukker basert på dissosiative delar, som hjelpemiddel i behandlinga av traumatiserte barn. Ho er også tilknyttet Theraplay miljøet i England. Les mer om Karen Andor på hennes nettside: Karen Andor – Psychologist and Psychotherapist in Dorset