Aktuelt
Webinar: Bekymringsfull seksuell atferd hos barn og unge
- 20/04/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Barn Førebygging Kommunen sitt arbeid med forebygging av vald Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Skadelig seksuell atferd Skole
Foto: Daria Tumanova / Unsplash
26. mai blir det nytt webinar om grunnleggande kunnskap om sunn, bekymringsfull, grenseoverskridande og skadeleg seksuell atferd (SSA) hos barn og unge.
Tidlegare i år arrangerte RVTS Vest fagdag om bekymringsfull seksuell atferd hos barn og unge. Over 3000 personar fekk med seg fagdagen og tilbakemeldingane har vore gode. Cathrine Eide og Steinar Hvål arrangerer derfor ny fagdag med same tema.
– Ein spennande vri denne gongen, er at vi skal sitte «live» i minivindu og chat heile dagen. Vi har fagdagen frå 5. februar som opptak med god kvalitet, og vi sender denne på nytt. Det vert pauser og kommentarar undervegs, muligheiter for spørsmål og utdjuping. Det vert også samspel med deltakarane i form av chat, grafar og Mentimeter. Vi gledar oss, seier Cathrine og Steinar.
Informasjon om kurset:
Kva veit vi om barn og unge med bekymringsfull seksuell atferd? Kva seier forskning og erfaring? Korleis identifisere, vurdere og gi respons på seksualitet som vekker bekymring? Kva gjer du når får ei slik sak på bordet?
Webinaret gir deg ei grunnleggende innføring i fagområdet som handlar om bekymringsfull seksuell atferd. Kunnskapen er nyttig for alle som jobbar med barn og unge. Dagen er også eit godt grunnlag for dei som ønsker vidare opplæring i kartleggingsverktøy, utgreiingsverktøy og behandlingsverktøy, til dømes Play It Right, PROFESOR og AIM-3.
Tema:
- Begrepsavklaringar
- Sunn seksualitet/seksuell utvikling
- Barn og unge med grenseoverskridande seksuell atferd
- Kartleggingsverktøy – med hovedfokus på Trafikklyset
- Bekymringsfull seksuell atferd digitalt
- Bruk av porno blant barn og unge
- Behandling; kven/kva/kor?
- Nettressursar
Målgruppe:
Alle interesserte fagpersonar (Barnevern, helsesjukepleiarar, fastlegar, psykologar, skule, barnehage, BUP, PPT, Statens Barnehus, Konfliktrådet, Kriminalomsorgen, politi mm.)
Foredragshaldarar:
Psykologspesialist Cathrine Eide
Psykologspesialist Steinar Hvål
Påmelding
Dei første 200 kan delta på webinaret gratis. Etter dette er prisen 200,- per person.
Tid:
09:00 – 15:00
Påmeldingsfrist:
Ny frist: 24. mai