Visjon og strategi
RVTS Vest skal være en samarbeidspartnar for tenestene i region vest innanfor:
- Traume og traumatisk stress, inkludert fokus på veteranar og psykososial beredskap
- Vald og overgrep
- Forebygging av sjølvmord og sjølvskading
- Fyktningehelse og tvungen migrasjon
Vi driv undervisning, konsultasjon, rettleiing og nettverksbygging.
Vi meiner at kloke handlingar springer ut av kunnskap, tryggleik og samhandling.
Auka handlekraft
RVTS Vest skal bidra til auka handlekraft i tenestene og hos fagpersonar som arbeider innanfor våre temaområde. Vi jobbar for at forståing og kunnskap skal omsettast til konkrete og kloke handlingar overfor dei som er råka av våre temaområde. Vi ønsker å gjere fagpersonar betre rusta til å møte og hjelpe menneske som har vore utsett for traume og vonde erfaringar, og dei som er utøvarar. Vi vil jobbe for ein forbetra likeverd i oppfølginga, fram mot auka helse og livskvalitet.
Kunnskap og forståing
Vi skal bidra til utdjupa kunnskap og forståing hos tenestene innanfor alle temaområda. Kunnskapen skal vere både forskningsbasert, erfaringsbasert og brukarstyrt på bakgrunn av oppdatert tenkning innan fagfeltet. Vi er opptekne av å tilpasse og skreddersy vår kunnskapsformidling til dei ulike tenestene og fagpersonane sine behov, bakgrunn og rolleforståing. Vårt kompetansearbeid skal vere relevant for heile livslaupet – frå barndom til alderdom.
Auka tryggleik
Vi skal bidra til auka tryggleik hos fagpersonar og i tenesteapparatet. Våre temaområde omhandlar fagfelt som stiller hjelparen overfor store utfordringar, og som både kan føre til slitasje og usikkerheit kring faglege val og handlingar. Vi meiner at auka forståing gir auka tryggleik og forbetra reguleringsevne som hjelper. Vi ønsker å styrke fagpersonar i sitt daglege arbeide, fremme tru på eigne ferdigheiter og ressursar, og auke refleksjon kring eigne haldningar.
Samhandling
Vi skal bidra til forbetra samhandling mellom tenester og sektorar i hjelpeapparatet. Menneske som er råka av våre temaområde har behov for eit hjelpeapparat som samarbeider, og har ei felles forståing i forhold til årsakssammenhenger, problemforståing og hjelpen som vert gjeve. Vi vil bidra til rolleavklaring, gode samarbeidsarenaer og modeller for samhandling, og styrke de ulike tenestene i deira forståing av sitt ansvarsområde opp mot andre instansar.