Reidun Dybsland og Inge Nordhaug har vore tilsett ved RVTS Vest sidan senteret starta opp i 2007. Begge har brei erfaring og lang fartstid frå arbeid med utsette barn og unge.
Dei har vore sentrale i utvikling av fagfeltet og reknast som bautaer når det kjem til samtalar med barn og unge.
I år går dei begge over i pensjonistanes rekker og vi ynskjer å takke dei av med eit seminar som set fokus på både deira yrkeskarriere og innsats, samt det viktige fagfeltet dei begge har gått i bresjen for.
Det vert samtale om fagfeltets utvikling og framtid, innlegg frå samarbeidspartar, kolleger og feiring.
Dersom du ynskjer å vere med å takke av desse to gode fagfolka, kan du melde deg på her. Grunna smittevern, er det begrensa plassar.
Stad: Radisson SAS Blu, Bryggen Dato: 24. august KL 17:00 – 19:30