Aktuelt
Vårens arrangement om sjølvmordsforebygging
- 22/01/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging Sjølvskading
Denne våre har vi fleire arrangement om sjølvmordsforebygging.
VIVAT-kurset OPS! Oppmerksom på selvmordstanker vert arrangert i Bergen i mai. Kurset er eit halvdagskurs som hjelper deg å oppdage menneske med sjølvmordstankar.
Om kurset
Dei fleste som tenker på sjølvmord har enten direkte eller indirekte signalisert behov for hjelp. Kurset forbereder deltakarane til å oppdage at nokon har sjølvmordstankar, og hjelpe personen til å ta kontakt med nokon som kan gi vidare hjelp.
Korte filmar viser betydningen av å vere merksam på sjølvmordstankar. Diskusjonar og praktiske øvingar stimulerer til læring.
Kven kan delta?
Alle over 18 år som ønsker å hjelpe menneske med sjølvmordstankar.
Eg vil delta i Bergen den 9. maiEg vil delta i Bergen den 10. mai
Kurset har óg vore arrangert i Sandnes.
Læringsutbytte
Etter kurset vil deltakarane vere betre i stand til å:
- bevege seg forbi haldningsbarrierer som gjer at vi ikkje oppdager, avfeier eller unngår signal på sjølvmordstankar
- oppdage menneske med selvmordstankar
- bruke dei fire trinna: fortell, spør, lytt og sørg for sikkerhet til å hjelpe personen med sjølvmordstankar til ein som kan gi førstehjelp ved sjølvmordsfare.
OPS! i eit samfunn meir beskytta mot sjølvmord
OPS! bidreg til at menneske med sjølvmordstankar får kontakt med hjelparar som kan gi vidare hjelp og støtte. Det kan vere hjelparar som har delteke på kurset Førstehjelp ved sjølvmordsfare eller andre med kompetanse til å intervenere ved sjølvmordsfare.
Kjelde: Vivat selvmordsforebygging
Vi arrangerer Førstehjelp ved sjølvmordsfare i Sandnes den 5. – 6. juni og fagdag i Florø om barn som etterlatte den 22. mai.
28. mai blir det forebyggingsforum med tema #semeg Hva gjør vi når barn og unge sliter med selvmordstanker og selvskading? Påmelding til dette er snart klart.