Vår personvernerklæring

Denne personvernerklæringa gjeld for RVTS Vest og forklarar kvifor vi samlar inn informasjon om deg, korleis vi nyttar denne informasjonen og korleis vi tek omsyn til ditt personvern.

RVTS Vest, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarlig for vår behandling av personopplysningar. Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå vår nettstide våre (personopplysningsloven § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningsloven § 18 1. ledd).

Kva opplysningar samlar vi inn?

For å kunne levere så gode tenester som mogeleg er vi avhengige av å samle inn ulike typar informasjon, inkludert personopplysningar om deg. Under følger ei oversikt over kva og korleis vi samlar inn personopplysningar.

Opplysningar ved kurspåmelding

Når du registrerer deg på våre kurs, må du oppgi ein del informasjon som vert lagra av oss, slik som navn, e-postadresse og fakturaopplysningar.

Vi nyttar Deltager.no ved kurspåmelding. Deltager.no har eigne føringar for korleis dei behandlar personopplysningar, noko du kan lese om på deira nettsider.

Med unntak av namn og organisasjon, som kan bli publisert på deltakarlister, vert ikkje dine personopplysningar delt med andre.

Evaluering av kurs (og spørjeundersøkingar)

Ved evaluering av kurs samlar vi inn opplysningar om kva brukarar meiner om kurs dei har delteke på. I tilfelle kor vi ikkje nyttar evaluering på papir, så nyttar vi tenesteleverandøren Surveymonkey.com. Informasjonen som vert samla inn her er anonymisert, og kan ikkje knyttast til spesifikke personar. Denne leverandøren har føringar for korleis dei behandlar personopplysningar, noko du kan lese om på deira nettside.

Nyhetsbrev

Når du melder deg på e-postlista for å motta RVTS Vest sitt nyhetsbrev, samlar vi kun inn e-postadressa di, og vil kun nytte denne til å sende ut nyhetsbrev. E-postadressa di blir ikkje gitt vidare til nokon tredjepart, og du kan når som helst melde deg av denne lista. E-postverktøyet vi nyttar til utsending heiter Mailpoet, og er ein nyhetsbrev-applikasjon utvikla for Wordpress.

Informasjonskapslar/cookies

RVTS Vest nyttar ikkje informasjonskapslar/cookies frå tredjepart på våre nettsider.

Videoavspelingar på nettsida nyttar teknologi frå anten YouTube, Facebook eller Vimeo. Vi viser til desse tenestene sine eigne personvernerklæringar for meir informasjon om eventuelle cookies.

Plausible

Vi har bytta frå Google Analytics til Plausible på alle nettsidene vi administrerer. Vi nyttar Plausible til å generere 100% anonym besøksstatistikk på våre nettsider, heilt utan cookies. Dette tilfredsstiller GDPR, CCPA og PECR. All data vert behandla og vert lagra kryptert i EU (Tyskland), og det er RVTS Vest som er rettmessig eigar.

Dine rettar

I henhold til norsk lov kan du når som helst få innsyn i kva opplysningar vi har lagra om deg, og få desse retta eller sletta dersom du ønsker det, ved å sende ein e-post til rvts@helse-bergen.no.

Endringar i personvernerklæringa

Vi vil med jamne mellomrom kunne oppdatere eller endre personvernerklæringa. Ved større endringar vil vi informere om dette.