Valeria Markova

Valeria Markova

Valeria Markova

Psykolog, PhD
Mobil: 408 13 785
E-post

Eg er psykolog og har doktorgrad innan psykologi og medisinsk antropologi. I tillegg til stillinga mi ved RVTS Vest, arbeider eg som psykolog ved Senter for Migrasjonshelse i Bergen kommune og som førsteamanuensis ved Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen. Hovudfokuset mitt er likeverdige helsetenester, særleg rettar og retningslinjer rundt kartlegging av tortur opplevingar i norsk helsevesen. Eg er òg interessert i å sjå på korleis posttraumatisk vekst, uavhengig av traumer ein har vore utsett for, representerer ei meir heilskapleg tilnærming til posttraumatisk tilpassing.

Eg har omfattande klinisk erfaring, særleg i arbeid med menneske frå ulike kulturar og med kort botid i Noreg. Klinisk har eg spesiell erfaring innan problemstillingar som ensomheit, angst, livskriser, sorg og traumer. I all arbeid eg gjer, legg eg vekt på godt tverrfagleg samarbeid og brukarmedverknad.

Eg leiar ulike regionale og nasjonale prosjekt innan fagutvikling på migrasjonsfeltet. Eg har òg fleire nasjonale og internasjonale tillitsverv knytt til slikt arbeid. Særleg vil eg nemne at eg er ein del av styret i International Society for Health and Human Rights (ISHHRI) og arbeidspsykologiutvalet i Norsk Psykologforening.

Sidan 2012 har eg arbeidd som psykolog ved ulike kommunale tenester: pedagogisk psykologisk teneste (PPT), barnevernet, og som kommunepsykolog. Sidan 2019 har eg jobba som psykolog ved Senter for Migrasjonshelse (SEMI) i Bergen kommune. Frå SEMI har eg erfaring med kartlegging og behandling av ulike belastningslidingar. Eg har òg brei erfaring med rettleiing og undervising til ulike pasientgrupper og tilsette i offentlege tenester som møter menneske på flukt. Eg er opptatt av å utvikle og kvalitetssikre førebyggjande intervensjonar.

Forsking og undervising har heile tida vore ein viktig del av arbeidet mitt. Sidan 2010 har eg vore tilknytt forskingsgruppa for kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv, Institutt for Samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen. Her har eg deltatt i fleire forskingsprosjekt knytt til migrasjon, arbeid, og helse. I 2020 forsvarte eg doktorgradsavhandlinga mi der eg utforska kulturelle variasjonar i meistring av depresjon. Sidan eg er særleg opptatt av å sjå korleis menneske meistrar og kan vekse på kritiske livshendingar, leiar eg no eit større forskingsprosjekt som ser på effekten av evidensbaserte intervensjonar for problemløysing for flyktningar (PEIL-FORSK). Dei siste åra har eg blant anna arbeidd med evaluering og kulturell tilpassing av intervensjonar som ICDP for ungdom og emosjonsfokusert foreldreveiledning for barn: foreldrekurs ESFT-O.

Eit utval prosjekt eg har leia:

  • PEIL LED: PM+ Ledelse av ufaglærte miljøarbeidarar med ulik kulturell og fluktbakgrunn i gjennomføringa av lavterskel intervensjon retta mot førebygging og behandling av lettare til moderate psykiske vanskar hos flyktningar (finansiert av IMDi og Bergen kommune)
  • Digitalisering av komponentar i faget «Livsmestring i et nytt land, temaområde migrasjon, helse og mangfold» (finansiert av IMDi og Bergen kommune)
  • Oppmerksomhetsbasert intervensjon for stressmeistring hos flyktningar (finansiert av IMDi og Bergen kommune)
  • SAHAR – Intervensjon for LGHBT minoritetar. Kompetansehevingsprogram for tolkar og helsearbeidarar som jobbar tett med skeive minoritetar (finansiert av BUFDIR)
  • På flukt i høge hæler/ Improve life of LGHBT refugees in Norway. Create digital and practical guidelines for newly arrived LGHBT refugees to Norway (i samarbeid med Bergen kommune, Universitetet i Bergen, Klinikk for Krisepsykologi, og Bergesenstiftelsen)

Eg har òg erfaring med undervising innan ulike tema knytt til migrasjonshelse for diverse faggrupper. Hovudtema for undervisinga inkluderer: migrasjon, helse, integrering, og kulturelle variasjonar i forståinga av psykiske lidingar og val av behandling. I tillegg har eg undervist ved Universitetet i Bergen over fleire år innan emnet personlegheitspsykologi, spesielt knytt til tema som personlegheitstesting, eksistensialisme, og psykodynamiske teoriar.

Eg er utdanna psykolog ved Universitetet i Bergen i 2012. Delar av studiet har eg teke ved National University of Singapore (NUS) der eg studerte kultur og livsløp. I tillegg til det hadde eg ei lengre klinisk praksisperiode ved Saartjie Baartman Senter for kvinner og barn i Cape Town, Sør-Afrika, der eg hovudsakleg arbeidde med barn som har opplevd alvorleg vald i familien.

Eg har òg vidareutdanning innanfor oppmerksomheitsbaserte intervensjonar (mindfulness).