Aktuelt
RVTS Vest arrangerer samlingar i Bergen, med temaet sårbare vaksne utsett for vald, overgrep og omsorgssvikt.
Målgruppe:
Samlingane er for alle interesserte, men vi oppfordrar særleg TryggEst-kommunar og kommunar som har fatta vedtak om oppstart av TryggEst til å melde seg på.
Praktisk:
Samlingane går over 2 heile dagar, frå klokka 9.00 til 15.30. Vi anbefaler å følge alle samlingane, men opnar og opp for deltaking kun på ei eller fleire samlingar.
Pris er 800,- per person, per samling.
Deltakarane sine arbeidsplassar/kommunar må betale reise og eventuell overnatting i Bergen.
Innhald
Basic nivå:
Trygg samling 1
- Dato: 20.02.2024 – 21.02.2024
- Tema: Vald og negativ sosial kontroll
- Stad: Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18
Trygg samling 2
- Dato: 13.06.2024- 14.06.2024
- Tema: Risikovurdering (RITE), traume og traumebevisst omsorg
- Stad: Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18
Trygg samling 3
- Dato: 10.09.2024 – 11.09.2024
- Tema: Hjelp til hjelpar
Trygg samling 4
- Dato: 27. 11.2024 -28.11.2024
- Tema: TryggEst Lab – Gjennomgang og øving i visuelle modellar og verktøy til hjelp i arbeidet med valdsutsette.
Spørsmål?
For spørsmål og interesse for samlingane, ta kontakt med Inger Sigfridson:
inger.solveig.sigfridson@helse-bergen.no, 41 86 98 91