Aktuelt
Trygg på å snakke om sjølvmordstankar
- 05/03/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Barn Førebygging Nettressurs Psykisk helse Ressurs på nett Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar Sjølvskading Skole Unge Video Video/film
Det kan kjennast skummelt og ubehageleg å spørje nokon om dei tenker på sjølvmord.
Lærarar, helsesjukepleiar og andre tilsette i skulen, møter elevar som har det vanskeleg, og som av og til gjer at ein vert svært bekymra. Kanskje mistenker ein at eleven har sjølvmordstankar.
Ein kan bli redd for å gjere vondt verre, kjenne seg usikker på kva ein skal gjere dersom eleven svarar ja på eit direkte spørsmål.
Det er ikkje farlig å spørje nokon ein er bekymra for direkte om sjølvmordstankar. Tvert imot, det er ein myte. Forskning underbygger ikkje denne myten. Det å snakke ope om sjølvmordstankar kan virke lindrande og gi moglegheit for hjelp.
Mange vil imidlertid oppleve seg som betre rusta til å ta ein samtale om sjølvmord dersom dei har trent på førehand. Dette er viktig, då det er mange barn og unge som synast det er vanskeleg å fortelje om sjølvmordstankar til ein dei ikkje kjenner. Det kan vere fordi dei ikkje kjenner seg trygg på deg, eller fordi dei er redde for kva som vil skje dersom dei fortel.
RVTS Vest har laga ein film som kan vere ei hjelp til å bli tryggare på å ha ein samtale med ein elev ein er bekymra for. Filmen viser eit eksempel på korleis ein slik samtale kan føregå:
For fleire råd til samtalen, samt informasjon om teieplikt, sjå Livet på timeplanen.
Relevant:
Sjå folkeopplysningskampanjen “Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv”.