Vi har snakka med spesialpedagog Hanne Steen, barnevernpedagog Reidun Dybsland og klinisk sosionom Inge Nordhaug, om viktige ting å tenke på for skulane ved oppstart etter vårens nedstenging.
Del 1:
Del 2:
Reidun Dybsland, Inge Nordhaug og Hanne Steen snakkar meir om å bruke gode samtalar med barn, og kanskje også kollegaer, for å finne ein ny og trygg kvardag på skulen igjen. Dei fleste barn og vaksne har klart nedstenginga godt, men ein ikke ubetydeleg del har hatt det tungt. Lærarane er dei viktigaste personane til å hjelpe barna med å få ein god fortelling om det som har vore. I denne podkasten har vi samla eit knippe av uttalelser frå dei tre om å snakke med barna om det som har vore og det som kjem.