
RVTS Vest og Solli DPS inviterer til dagsseminar i sensorimotorisk psykoterapi.
Traume og tidlege tilknytningserfaringar set djupe kroppslege spor. Mens tradisjonell psykoterapi rettar seg mot kognitive og emosjonelle element av slike erfaringar, er fokus for denne tilnærminga korleis du kan inkludere kroppen i terapiarbeidet. Sensorimotorisk psykoterapi bygger på ein psykodynamisk grunnlagsforståing og integrerer også element frå kognitiv atferdsterapi, nyare nevrovitskap og tilknytnings- og dissosiasjonsteori. Mindfulness er sentral i tilnærminga.
Tony Buckley frå Sensorimotor Psychotherapy Institute er førelesar.