Traumebehandling i vest

Traumebehandling i Vest

Forståelse og behandling av PTSD og komplekse traumer

woman
Foto: pixabay.com

Opplæringa bygger på nyare tenkning innan fagfeltet, med fokus på både PTSD og konsekvensane av relasjonelle traume i oppveksten. Sistnevnte er ofte pasientar med sammensette symptomar og overveldande historiar, som utfordrar oss fagleg og personleg.

Traumefeltet gir viktige bidrag til forståing av desse pasientane, og korleis ein kan forholde seg til både traumehistorien og arbeide med noverande symptomar og dagleg fungering.

Målet for opplæringa er å gje deltakarane auka forståing og tryggleik i møtet med pasientar utsett for traumer. Dette handlar både om å tileigne seg nyttige redskaper i det praktiske kliniske arbeidet, men også om eigen ivaretaking som hjelpar.

”Traumebehandling i Vest” er eit kompetansehevande tiltak for heile DPS og kommunal psykiatriteneste, det vil seie alle behandlarar og miljøpersonale ved samtlige avdelingar. Opplæringa vil på denne måten kunne gi ei samlande fagleg forståing for pasientar utsett for traumer.

Det eittårige programmet består av 5 heile undervisningsdager, samt rettleiing i grupper mellom samlingane. Rettleiinga vil foregå enhetsvis, og vil vere eit viktig supplement for å overføre teoretisk kunnskap til praktisk klinisk arbeid. Undervisningsdagane vil veksle mellom undervisning, øvingar og summing i grupper.

Kontaktperson

Traumebehandling i vest

Sylvi Ramsli Fiskerstrand
Psykologspesialist
Telefon: 92 24 29 86
Email: sylvi.fiskerstrand@helse-bergen.no