Aktuelt
Toler vi kampanje om overgrep mot barn midt i fredagstacoen?
- 21/05/2021
- Av: Steinar Hval
- Kategori: Fredagsfokus
Vi har gode kampanjar, TV-program og nettressursar med formål om å informere, støtte og beskytte barn mot vald og overgrep.
Kampanjar som fortel barn om kor dei kan få hjelp, kor dei kan ringe, kva vaksne ikkje har lov å gjere med kroppene deira, og så vidare. Dette har stor verdi og noko vi støtter opp om.
Vi spør: Treng vi liknande kampanjar retta mot vaksne? Det nærmeste vi kjem er kanskje åtvaringar om bruk av alkohol i heimen når det nærmar seg høgtider.
Kva med «Du har ikkje lov å ha sex med barna dine – stopp med det», «Dersom du slår barna dine – hugs at det er forbudt og barna tek skade. Her kan du få hjelp», «Er incest greit dersom det foreligger samtykke – nei det er ikkje det». «Oralsex med barn? Kan det forsvarast? Aldri» «Hender det at du luggar, klyper eller rister barna dine?»
Kan vi ha plakatar som dette langs vegen, på busstoppet og på tv-skjermen i beste sendetid? Kvifor ikke?
Sendingen gikk 21. mai 2021
I panelet:
Steinar Hvål, psykologspesialist
Linda Kvalvik, områdeleder barn og unge, barnevernpedagog
Cathrine Eide, psykologspesialist
Beate Gauden, spesialkonsulent/spesialpedagog