Aktuelt
«The Code of the Street, Family & Community»
- 24/10/2024
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Kurskalender
Foto: Abbas av Marcel Lelirnhof
Vegar inn og vegar ut av ekstremisme, ungdomskriminalitet og æresmotivert vald.
15. november arrangerer Vestlandsnettverket* ein regional fagdag om ekstremisme, ungdomskriminalitet og æresmotivert vald.
Hovudforelesar er Ghulam Abbas, ein tidlegare mafiadømd gjengleiar. Abbas var «Gudfaren» i det beinharde og kriminelle gjengmiljøet i Oslo på byrjinga av 2000-talet og leiar av den berykta B-gjengen. I fleire år vart han karakterisert av politiet som «Noregs farlegaste mann». I dag arbeider Abbas som sosionom i barnevernet.
Dato:
15. november
Tid:
10.00-16.00
Stad:
Vestlandshuset, Lars Hillesgate 22
Målgruppe:
Barnevern, skule, utekontakt, rus og psykisk helse, NAV, flyktningteneste, familievern, konfliktråd, frivillige organisasjonar, politi, SLT, kriminalomsorg og alle som arbeider med sårbare unge i risiko, eller som allereie er i ekstreme nettverk, æresmotiverte regime eller kriminelle miljø.
*Vestlandsnettverket, eit regionalt kompetansenettverk som består av RVTS Vest, Vestland Fylkeskommune, Bergen Kommune, Vest Politidistrikt, Integrerings- og Mangfaldsdirektoratet (IMDi), Bufetat og UDI.
Frist: 1. november
Fagdagen er utan avgift, men manglande oppmøte fører til eit gebyr på 300,-
PS: Alle som tar fagopplæringa om forebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald hausten 2024 har allereie reserverte plassar.