Aktuelt
Temakveld 8. juni: Forebygging av fleirkulturelt utanforskap
![Temakveld 8. juni: Forebygging av fleirkulturelt utanforskap](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2022/06/Temakveld-840x430.jpg)
Vi inviterer til temakveld på Litteraturhuset i Bergen, om fleirkulturelt utanforskap.
I samband med lansering av ressursheftet «Forebygging av flerkulturelt utenforskap», laga i tett dialog med fleirkulturelle unge ressurspersonar, inviterer Tusmo Association i samarbeid med RVTS Vest, ungdom og vaksne til eit ope arrangement på Litteraturhuset i Bergen.
I løpet av denne kvelden vil vi saman utforske tabubelagte tema som negativ sosial kontroll, generasjonskonflikter, rasisme, utanforskap og psykisk uhelse i ein fleirkulturell kontekst.
Tidspunkt: 18.00-21.00
![](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2022/06/Balansekunst.jpg)
Program for kvelden:
– Velkommen og innleiing
– Presentasjon av innhaldet i ressursheftet «Forebygging av flerkulturelt utenforskap»
– Filmframvisning av kortfilmar utarbeidd av ungdommar i Tusmo Association sitt mentorprogram om forebygging av negativ sosial kontroll.
– Mini-foredrag om korleis forstå og forebygge
– Psykiske helsekonsekvensar knytt til negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.
– Generasjonsdialog
Det vert også sofasamtale med fleirkulturelle ungdom, foreldre og fagpersonar om tematikken. Sjå Facebook-arrangement.