Korleis skape betre dialog mellom tenester og ungdommar/familiar med etnisk minoritets- og/eller flyktningbakgrunn?
Alyas Karmani kjem tilbake til Vestlandet i februar 2020. Vi arrangerer ein temadag kor Alyas underviser om tilnærmingar han nyttar i sitt arbeid, og vi legg til rette for at deltakarane kan å ta opp utfordringar og dilemma dei opplever i sin arbeidskvardag.
Temadagen vil belyse utfordringar, men også nyttige tilnærmingar når tenester prøver å støtte positiv endring i familiar og forbetre dialogen mellom tenester og ungdommar/familiar med etnisk minoritets- og/eller flyktningbakgrunn.
Karmani vil blant anna snakke om:
• Å bygge resiliens frå barndommen for å forebygge vald blant ungdommar • Tru og psykisk helse – kva rolle spelar åndelighet for den psykiske helsa?