Aktuelt
Ta kontroll over bekymringstankane
- 29/03/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Krig Psykisk helse Video
Når vi skal slappe av eller sove, kan sterke ubehagelege inntrykk frå dagen bli ekstra store.
Då kan bilder og redde tankar forstyrre. Det som startar som uro, kan fort bli til redsel og frykt. Det er normalt at dette skjer.
Då kan det kan hjelpe å halda på dei daglege kvardagsrutinane. Det kan hjelpe å avgrense eller koble heilt av frå nyheter i timane før du skal sove. Ta pause frå mobilen. Å tenkje at det er mange som arbeider for å betre situasjonen, anten det gjeld krig, naturkatastrofar eller andre kriser, kan også vere til hjelp.
Det kan vere lurt å setje av litt tid til bekymringane dine kvar dag. Tenk, skriv eller del tankane med nokon du er trygg på. Det som hjelper aller mest er å finne på kjekke aktivitetar som hjelper deg å vere her og no.
For eksempel hobbyar som du likar å gjera åleine eller saman med andre. Å vere fysisk aktiv er i tillegg god avkobling generelt.
Den vanlege kvardagen er veldig viktig, og den alle beste terapi for å redusere bekymringar. På denne måten kan du ta kontroll over bekymringstankane, det kan vere veldig lurt!