Aktuelt
Stilling ledig i fagfeltet sjølvmordsførebygging
- 21/09/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Kriser Psykososial beredskap Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar Sjølvskading
Ingen kommentarer
Vi søkjer ein erfaren fagperson med kjennskap til sjølvmordsførebyggande arbeid, arbeid med etterlatte og kriser og beredskap.
RVTS Vest dekkjer fylka Rogaland og Vestland og arbeider på tvers av etatar og sektorar. Senteret har rundt 20 tilsette fordelt i tre områder; “Barn og unge”, “Vaksne” og “Kommunikasjon og implementering”. Senteret skal samordne og styrke kompetansen og kvaliteten i tenesteapparatet på tema traumer og kriser , sjølvmord, vald og flyktningehelse. Senteret jobber med konsultasjon, undervisning og nettverksbygging. Senteret samarbeider med sentrale styresmakter og nasjonale fagmiljø på tema.
Arbeidsoppgåver
Stillinga skal styrkje senteret sitt arbeid med sjølvmordsførebyggande arbeid. Dei tilsette i senteret må kunne leie kompetanseprogram og bidra med undervisning og rettleiing.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum mastergradsnivå
- Utdanning eller spesialisering om sjølvmordsførebygging, sjølvskading og traume
- Erfaring frå arbeid med vaksne og familiar
- Rettleiings- og undervisningskompetanse
- Erfaring med digitalisering er ønskjeleg
- Erfaring frå prosjektarbeid er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Omstillingsvilje
- Ansvarsfølelse for eigne og senteret sine prosjekt
Vi tilbyr
- Tilhøyre i eit anerkjend fagmiljø
- Kultur for fagleg og personleg utvikling
- Stor fridom til å utforme innan eigne ansvarsområde
- Lønn og arbeidsvilkår etter Helse Bergen sitt avtaleverk
Frist: 15. oktober 2021