Aktuelt
snakkemedbarn.no
- 25/03/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Vold
Det er ikkje så lett å vite korleis ein skal snakke med barn i vanskelege situasjonar.
SNAKKE er ein opplæringsportal utvikla av RVTS. Opplæringsportalen er gratis og tilgjengeleg for alle via snakkemedbarn.no. SNAKKE vart lansert i 2018, og barnehagar var ei prioritert gruppe i første omgang. Ein sentral del av SNAKKE er spelet, kor ein kan lære seg å snakke med barn ved hjelp av spelkarakterar (avatarer).
I 2019 er det utvikla nye spelkarakterar som er eldre barn og ungdommar, med meir kompleks problematikk. Det utvidar målgruppa slik at det er meir tilpassa lærarar i skulen. Vi ser også at helsesjukepleiarar og sosiallærarar har sentrale roller, blant anna fordi dei ofte blir spurt av lærarar på skulen om aktuelle ressursar, tips og verktøy.
I tillegg er kommunale leiarar i målgruppa då SNAKKE kan vere ein viktig del i kommunale handlingsplanar mot vald og overgrep. Vi ser også stor interesse frå ei rekke andre viktige aktørar, som barnevern, ulike organisasjonar, barnehusa, krisesentre, politiet mm.
RVTS Vest har hatt SNAKKE til pilotering i ein barnehage i Stavanger. I løpet av 2019 ønsker vi å gjennomføre SNAKKE på to pilotskular.
Sjå den nye animasjonsfilmen som forklarar kva SNAKKE handlar om:
SNAKKE: En opplæringsplattform for øving på samtaler med barn from RVTS Øst on Vimeo.