Aktuelt
“Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv”
- 19/03/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar
Sjukehusa på Vestlandet, Helse Vest, Rogaland Fylkeskommune, interesseorganisasjonar og fleire starta denne veka ei folkeopplysningskampanje for å førebygge sjølvmord: Snakk om sjølvmordstanker. Det kan redde liv.
Med en folkeopplysningskampanje ønsker vi å auke kunnskapen og åpenheten kring sjølvmordsatferd, og senke terskelen for å snakke om tankane mange kan ha – og søke hjelp.
Bakgrunn for kampanjen er at sjølvmord er eit stort folkehelseproblem, og at det i Noreg døyr om lag 550-600 menneske av sjølvmord hvert år. Det antas at mellom 3 500 og 7 500 personar årleg forsøker å ta sitt eige liv. Ein registerstudie viste at 62 prosent av dei som tek sjølvmord ikkje har vore i kontakt med psykisk helsevern i løpet av det siste året før dei tok sjølvmord, og at 70 prosent har vore i kontakt med fastlegen veker og siste månader før, men ikkje snakka om sjølvmordstankar.
Bodskapet blir presentert på boards (utendørsplakater) i bybildet, nettannonsering og i sosiale medier i kampanjeperioden.
I ein slik kampanje er det viktig å formidle kor det er hjelp å få. Her følger Helse Vest Nasjonalt senter for forskning og selvmordsforebygging og Helsenorge.no sine anbefalinger.
Fastlege, helsesykepleier på skulen eller på helsestasjonen, psykolog, psykisk helse- og rusteneste, legevakt eller psykososialt kriseteam i kommunen er første hjelpeinstans.
Både fastlegen og kommunepsykologen kan henvise vidare til Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP) eller Distriktspsykiatrisk senter (DPS) dersom det er behov for det.
Ei rekke organisasjonar er involvert i arbeidet med forebygging av sjølvmord. Enkelte av dei har støttegrupper og hjelpetelefonar:
- Ved akutte situasjoner, ring legevakten på 116 117
- Mental Helse: 116 123
- Røde Kors: 800 33 321
- Kirkens SOS: 22 40 00 40
- Ved livstruende situasjoner ring nødnummer 113
For råd og veiledning viser vi til nettsiden som er utarbeidd, helse-vest.no/selvmord.