Aktuelt
Snakk med barnet ditt: 4 tips for gode samtalar
- 15/03/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt barnesamtalen Video
Det kan vere fleire grunnar til at du som forelder vert bekymra for barnet ditt. Barnet kan ha gjort eller sagt noko, endra atferd, eller du kan ha høyrt noko frå andre.
Sjå filmen nedst i saken.
Når du vert bekymra er det viktig å stole på magefølelsen, og snakke med barnet om bekymringa!
Det kan være lett å tenke at barn som har opplevd noko vanskeleg treng å snakke med ekspertar. Det kan nokre gonger vere lurt, men ein må ikkje vere «fagfolk» for å snakke med barn. For dei fleste barn vil det vere like viktig, og nyttig, å snakke med foreldra sine.
Grunnlaget for å ha gode samtalar med barnet ditt, vert lagt heile tida, i kvardagen.
Det er lurt å snakke med barnet om at det kan komme til deg dersom det har skjedd noko som gjer det redd, sint, lei seg eller liknande. Du kan snakke om gode og vonde hemmelegheiter, og gjere barnet trygg på at du vil høyre, uansett kva det er.
1. Vær til stades
Mykje er gjort ved å vere til stades for, og saman med, barnet. Ein god dialog i kvardagen gjer det lettare å snakke med barnet når du blir bekymra, og aukar sannsynligheten for at barnet kjem til nettopp deg dersom noko er vanskeleg.
2. Vis openheit og interesse
Vis openheit og interesse for det barnet er oppteken av; på skulen, med vener og i fritida. Og hugs at for mange barn er den digitale verda like viktig og verkeleg som dei fysiske møta.
Når barnet fortel, vis nysgjerrigheit:
«Fortel meir om det!»
«Det vil eg høyre meir om!»
3. Still opne spørsmål
Dersom du opplever at barnet seier lite, kan det vere lurt å stille opne spørsmål.
«Korleis var gymtimen i dag?» eller «Kva var det morsomste/kjedeligaste/raraste som skjedde på veg til skulen?»
4. Gå rett på sak
Når du er bekymra for barnet, er det viktig å gå rett på sak:
«Du har vore så mykje på rommet ditt i det siste, og eg lurer på om noko plagar deg. Fortel?!»
«Læraren din ringte meg i dag, og han fortalde at du hadde gått ut av timen. Kva skjedde?»
«Du ser lei deg ut. Kva tenker du på?»
Barn som har det vanskeleg er avhengige av at vi som foreldre visar at vi ser, at vi vågar å spørre og at vi tåler å høyre.
Hugs: Du er viktig og den tryggaste for ditt barn å snakke med!
Sjå film
Relevant:
5 råd for å trygge barn som er engsteleg for krig (film)
Den viktige leiken (film)
Har du en vond hemmelighet? (film)