Aktuelt
Skulen – ein arena for negativ sosial kontroll?
- 23/09/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Skole Sosial kontroll
Friheten til å bestemme over eige liv er grunnleggande i vårt samfunn. Likevel ser vi fleire døme på korleis denne friheten for mange barn, unge og vaksne vert innskrenka og får store sosiale, pedagogiske og psykiske konsekvensar for elevar i skulen.
Dette er samtidig eit samfunnsproblem som bryter med grunnleggande menneskerettar og barnekonvensjonen. Den 27. oktober arrangerer Haugalandsnettverket i samarbeid med RVTS Vest, fagdagen “Skolen – en arena for negativ sosial kontroll?”.
Korleis kan skulen som arena førebygge og avdekke negativ sosial kontroll og æresrelatert vald? Kva blikk og kompetanse er nødvendig for å tilby adekvat hjelp til elevar som er råka? Kva ordningar og forebyggende tiltak eksisterar? Korleis styrke samhandling mellom skule, heim og hjelpeapparat?
Dette er problemstillingar vi ønsker å belyse gjennom fagstemmer, erfaringsstemmer og dialog på fagdagen.
Målgruppe:
Personar som jobbar med barn, ungdom og vaksne. For eksempel tilsette i skule, barnevernteneste, familievernkontor, NAV, politi, flyktningteneste, helsestasjon, krisesenter, psykisk helse, SLT, frivillige og religiøse organisasjonar.
Informasjon om påmelding og spørsmål om arrangementet, finn du på Haugesund kommune si nettside:
Påmelding fysisk (for deltakarar frå Haugalandsområdet)