Skule

Skule og barnehage er sentrale møteplassar for born og unge. Våre tenester kan vere med å styrke dei tilsette i tidleg avdekking og arbeid med traumatiserte born og unge.

Tilsette i skule og barnehage er velkomne på våre kurs og utdanningstilbod, samt å ta kontakt for konsultasjon og rettleiing. Vi kan arrangere kurs på bestilling, samt vere med å utforme kursopplegg i samarbeid med arbeidsplassen din. Dei fleste av våre tilbod er utan avgift og vert arrangert fleire stader i regionen.