Kva treng tenestene meir kunnskap om når det gjeld barn, unge og skadeleg innhald på nett?
RVTS har fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å få meir kompetanse på skadeleg innhald om sjølvmord og sjølvskading for unge på nett. I den samanheng har vi laga ei spørjeundersøking som er sentral for deg som jobbar med barn og unge. Målet med undersøkinga er at vi skal kunne gi dykk auka kompetanse om skadeleg innhald på nett.
Vi treng hjelp frå deg som jobbar i barne – og ungdomskule, vidaregåande skule, barnevern, BUP, PPT, DPS, VOP, elevorganisasjonar, brukarorganisasjonar, helsestasjon for ungdom og andre relevante arenaer kor ein møter barn og unge.